All makt i himmel og på jord

«Eg har fått all makt på himmel og på jord, seier Jesus på denne treeiningssøndagen, slik han seier det til oss når vi møter han i dåpen», skriv Andreas Hilmo Grandy-Teig. Han er sokneprest i Nidaros domkyrkje.

All makt i himmel og på jord

Eg står foran den 40 meter høge Storfossen i Hommelvik. Vatnet brusar over fossekanten, fell med drønnande kraft ned og lagar bølger igjennom elva heilt til der eg står. Det er ein følelse av å bli liten imot all makta på jorda. Kor små vi menneske blir imot denne makta av vatn og tyngdekraft og fossedrønn.

Ein mann ligg på asfalten med eit kne mot halsen i åtte minutt og 46 sekund. Krafta i ein uniformert og bevæpna menneskekropp trykker han ned og presser lufta ut av han, stopper åndedrettet hans til livspusten ebber ut av han. Det er heile menneskeheita som blir gjort liten, og som i sin nød må rope ut. Kor verdilause vi menneske kan bli imot denne makta av blind justis og umenneskeleg maktutvøing.

Eg har fått all makt på himmel og på jord, seier Jesus på denne treeiningssøndagen, slik han seier det til oss når vi møter han i dåpen. All makt – men ikkje makta av fossedrønn som sender kraftbølger og kastar alt i sin veg til sides. All makt – men ikkje tvangsmidlar og våpenmakt og musklar som held nede eit folk, eit menneske, vår verdigheit.

Makta hans kjem med eit kildevatn som gjer levande, med dåpsvatnets dråper som alltid skal være tørstestillande dråpar på di panne, på di tunge. Makta hans blir kviskra frå menneske til menneske og brer seg i kjærleiken og respekten ovanfor den du møter, samme kva slags hudfarge han har, samme om ho har jobb eller ikkje. Han seier, la aldri denne makta bryte ned, men bygg kvarandre og alle folkeslag opp til disiplar – som kan stå oppreiste og vise omsorg. Som kan rope ut mot urett, som lever i undring og respekt over den overveldande naturen rundt oss.

Og han er med deg alle dagar – uansett kva makt du møter – så lenge verda står.

Andreas Hilmo Grandy-Teig
Sokneprest i Nidaros domkyrkje

------------

Tidligare andaktar i rekka «Ord til trøyst, tru og håp»:

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"