«Så vakta oss, Gud»

I denne utgåva av «Ord til trøst, tro og håp» fortel prost Øystein Flø korleis strofer i Fedrelandssalma har gitt tru og styrke til kvardag og fellesskap.

«Så vakta oss, Gud»

Førre søndagen var det 17. mai og da kunne eg gå til gudsteneste for første gong på over to månader. Det har vore mange fine gudstenester på TV og på nett i denne tida, men det blir likevel noko anna å sjølv kunne være til stades og syngje nasjonalsongane i fellesskap.

Det som vekte sterkast minner for meg denne dagen var å syngje det sjette verset av nasjonalsalmen vår: «Gud signe vårt dyre fedreland». Dette verset er jo ei gjendikting av det som var preiketeksten for dagen:

Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu
i heimen med fred og hyggja!

Grunnen til at dette vekte særleg sterke minner for meg, er at dette verset song vi også i bryllaupet vårt for over 40 år sidan. Det er ei bønn om at Gud må vakte og verne heimen vårt mot alt som er vondt, slik at vi kan bygge ein heim der det er trygt og godt å bo og å leve. Det ligg også ei erkjenning av at dette maktar vi ikkje åleine. Vi er avhengige av Guds nåde og kjærleik, at den kvar dag får sleppe til og prege våre liv og vårt fellesskap.

Dette erfarte vi på nytt veldig sterkt i starten på Koronakrisa, når vi begge måtte ha heimekontor og begge var stressa og gjekk kvarandre på nervane. Men så fekk vil begynne på nytt og be vårt Fadervår: «Forlat oss vår skuld som vi og forlèt våre skuldmenn.»

Så har vi i denne tida også erfart velsignelsen i å være to – at vi har hatt kvarandre har gjort det lettare å halde ut isolasjonen frå andre i Koronatida. Vi har mange gonger takka Gud for at han har oppfylt den bønna som vi bad i bryllaupet vårt for 40 år sidan: «Så vakta oss, Gud, så me kan bu, i heimen med fred og hyggja!»

Øystein Flø
Prost i Gauldal prosti

------------

Tidligere andakter i rekka «Ord til trøst, tro og håp»:

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"