PÅSKEFEST 2023: Urpremiere i Fridalen

Søndag 26. mars kan du sjå pasjonsspelet «Eselet» i Fridalen kyrkje. Ei underleg historie frå palmesøndag, der komponist Knut Vaage og forfattar Bjørn Sortland har latt eit snakkande esel vere hovudpersonen. Dei to er glade for å bruke kyrkja som kulturarena.

Urframføring av Eselet av Knut Vaage og Bjørn Sortland, i Fridalen på Påskefest 2023.
Premiera er ein storproduksjon med både kor, orkester og solistar, som også skal framføre Faurés requiem.  

Pasjonsspel utanom det vanlege 

Kantor Knut Christian Jansson er dirigent og musikalsk ansvarleg i Fridalen. Saman med dirigent Kristine Bjånes og regissør Maile Aarebrot har han 60 born frå 4. klasse og oppover frå Collegium Vocale gutter, jenter og ung på nest siste øving før premieren. Frivillige foreldre serverer hamburger. 
 
- Eg gler meg masse til søndag, det kjem til å bli kjempestas og noko heilt utanom det vanlege! Eselet gjev eit snodig blikk på kva som skjedde på palmesøndag, der Vaage og Sortland har laga ei historie om dei disiplane som henta eselet til Jesus. Korleis føles det for disiplane å få den oppgåva? Dei har ikkje lyst, og synes det er både pinleg og flaut, forklarer Jansson.  

Fridalen er ei kulturkyrkje 

Forfattar Bjørn Sortland og komponist Knut Vaage er med på øving for første gang, og er imponert over å høyre borna synge. 

- Det var kraftig! Det er seriøst å sjå ungar som ikkje er så gamle gjere dette på ramme alvor, meiner Sortland. 

- Det er viktig med skikkeleg musikalsk leiing, og det får arbeidet under Knut Christian, skyt Vaage inn. Han er ein av naboane til Fridalen kyrkje, og har hatt eit samarbeid i fleire år. 

- Dottera mi begynte i koret, og det var ho som tok initiativet til eit samarbeid. Eg set pris på arbeidet som skjer i kyrkja, og har lyst til å vere ein støttespelar. Det er veldig imponerande å ha ein slik kulturarena rett ved huset mitt, det er så flott arbeid på alle nivå her. Det er ei kyrkje, men også ei kulturkyrkje gjennom Knut Christian sitt arbeid. 

Absurd palmesøndag 

Dei to er godt kjend med bibelhistoriane, og ønska å lage noko som er ekte og ikkje sentimentalt. 
 
- Palmesøndagshistoria er komplisert, fordi den bryt med forventningane til heile folket: No kjem kongen, men han kjem på eit esel! Vi bestemte oss tidleg for å lage eit stykke der Jesus ikkje skulle snakke, men der eselet skulle fortelle. Eselet ber bokstaveleg tala historia, seier Sortland. 

- Eselet er ein av hovudpersonane, og det er jo litt underleg. Det legitimerer den rare tilnærminga som musikken har, meiner Vaage, som har brukt talekor som eit sentralt verkemiddel i stykket.  

- Eg synes stykket tek vare på det absurde som er på palmesøndag. Det er ein slags surrealisme. I dag hadde vi sett på det som ein kunstperformance om kongen hadde ridd på eit esel. Og så er jo bakteppet at alle jublar, men nokre dagar etterpå skrik dei “korsfest! korsfest!”. Eg tenker bibelhistoria tek vare på det låge. Eselet er eit bruksdyr, og blir oppreist, meiner Sortland. 

Skriv musikk til bispevigslinga

Begge har gjort tekst og musikk med kyrkjeleg tilnærming tidlegare. Vaage har skrive eit stort oratorium til tekstar frå Høgsongen, og skal snart presentere eit tingingsverk til bispevigslinga i Bergen domkyrkje 16. April.  

Sortland har skrive litt i kyrkje-sjangeren tidlegare, men har lyst til å skrive meir drama. 

- Eg er vaksen opp med kyrkje og bedehus, så stoffet er nært meg. Min draum hadde vore å skrive ei heil pasjonsfortelling for barn! seier Sortland. 

Er de spente på søndagens premiere? 

- Ja! Veldig. Det er alltid mykje som stå på spel alltid når det er premiere. Dette blir på alvor! 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"