Barn og unge
Barn og unge i Sund sokn
I Sund sokn skjer det mykje spanande for barn og unge! Vi har grupper og arrangement for menneske i alle aldrar, men har likevel eit spesielt fokus på barn og unge.
I dette arbeidet er vi opptatt av både regelmessig samlingar – der barn og unge kan møtest over tid – og einskilde arrangement/opplegg i kyrkjene våre, laga for kvart alderstrinn.
Av regelmessig grupper har vi babysong, Stjernekoret (4-9), Betweensklubben (9-13) og Treffpunkt (11-16) og Myldredag og Kyrkjemiddag for heile familien og alle generasjonar. Gruppene er opne for alle som vil vere med! (Du finn meir info om gruppene her!)
Vi ynskjer at alle som deltek i arbeidet vårt skal få kjenna seg velkomen og inkludert i fellesskapet. Vi håpar å få møta alle med respekt og at den enkelte blir sett.
Vi har òg samlingar og opplegg som er laga for spesifikke alderstrinn.
Alle 4-åringar blir inviterte til å få 4-årsbok i kyrkja.
Alle 6-åringar blir inviterte til Førsteklasses frukost og skulestartgudsteneste.
Alle 8-åringar blir inviterte til Tårnagentdag.
Alle 10-åringar blir inviterte til å få bibelbok i kyrkja.
Alle 12-åringar blir inviterte til Lys vaken (overnatting i kyrkja).
Alle 14-åringar blir inviterte til å vere med i konfirmantåret.