Vil du bli med på overnatting i kyrkja?

Vi inviterer alle årets 11- og 12-åringar til Lys vaken i Sund kyrkje 28.-29. november.

Foto: Hans Jakob Heimvoll
Foto: Hans Jakob Heimvoll

Kva skjer?

På Lys vaken handlar det om å vere lys vakne for kvarandre og for verda. 

Vi skal ha oppdrag, leikar, sporløype, god mat, musikk, song – og sove! For sjølv om vi søv, er Gud alltid lys vaken – for oss.

Vi startar laurdag kl. 17.00, og søndag avsluttar vi med Lys vaken-gudsteneste kl. 11.

Lys vaken- deltakarane deltek på gudstenesta, og heile familien er invitert til å bli med på gudsteneste og kyrkjekaffi etterpå.

 

Tilrettelegging

Har deltakaren behov for oppfølging eller tilrettelegging som vi treng å vite om, hugs å skrive dette på påmeldinga eller ta kontakt i forkant. Vi ønskjer å legge til rette for at LysVåken blir ei flott oppleving for alle!

Påmeldingsfrist: onsdag 25. november

Dersom det blir for mange påmeldte, vil vi prioritere overnatting for dei som går i 7. klasse.

Det blir sendt ut invitasjon til alle i 2014- og 2015-kullet som er medlem i Den norske kyrkja. Du er sjølvsagt velkommen til å melde deg på, uansett om du er meldem eller ei.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"