Konfirmasjon

Sund sokn

"Konfirmasjonstida var fantastisk! Før var eg usikker på kva religion eg høyrde til. Bønevandringa på leiren er noko av det finaste eg har vore med på". Dette seier Ida som var konfirmant i 2016.

Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vere konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du moglegheit til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre.

Som konfirmant får du lære meir om Gud og deg sjølv. Vi snakker om livet – på godt og ondt. Samtidig får du mange nye opplevingar. Du får vekse som menneske utan krav om å prestere. Bli med på ei spennande reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen!