Alle som er fødde i 2017 er hjarteleg velkomne til å utforske Kausland kyrkje i lag med oss. Det blir både tur opp til klokkene i kyrkjetårnet, symboljakt, agentoppdrag, leik, middag og mykje meir. Velkomen!
Laurdagan startar med agentregistrering kl 15, og avsluttast med agentavslutning kl 18.30. På denne samlinga er alle velkomne til å sjå og høyre kva agentane har gjort og lært denne dagen. Inviter gjerne med deg både familien og fadrane dine.
Ved særskilte behov: Gje beskjed i god tid! Vi vil legge til rette for alle som vil komme.
Påmeldinga til Tårnagentdagen er stengt. Har du ikkje fått meldt på ditt barn, ta kontakt med Beate Sørhus på sms: 920 89 740
