Håpet treng trua og kjærleikens kraft

Preken fra Kveldsmesse på 17. søndag i Treenighetstiden søndag 19. september i Trefoldighetskirken.

Foto: Bo Mathisen

17. søndag i treenighet
Søndag 19. september
Kveldsmesse i Trefoldighetskirken
II 1 Kong 17,17–24 og 1 Kor 15,35–45
Preken: Luk 7,11-17

Preken av Preses Olav Fykse Tveit

Nesten ingen ting i livet er heilt eintydig. Men noko er det.

«Deg vere ære for kjærleiken som er sterkare enn døden.» Slik seier vi det høgt saman i vår nattverdliturgi. Det er fleire bibelske referansar for den setningen. Eitt av dei er forteljinga om sonen til enka i Nain.

Ein ting er sikkert, ja, seier vi. Ein ting veit vi. Vi skal dø. Livet går i ein boge frå fødsel til død. Kroppane våre endrar seg medan tida går. Vi er ein del av denne prosessen heile tida. Det er noko avgrensa med menneskelivet. Det er ein del av livets gåve, som gjer den særleg kostbar og kjær: Det er ein slutt. Det er ein del av naturlovene. Slik er det, og slik må det vere om det skal verte nytt liv og plass til nye menneske på vår jord.

Men sjølv ikkje det sikraste av alt, døden, er heilt eintydig for oss. Vi vert aldri ferdige med å reflektere, skrive, undrast, arbeide med kva døden eigenleg er.

Det som vert bretta ut i denne evangelieforteljinga skaper eit bilete i oss av døden som katastrofe. Døden er ein tragedie når foreldra må følge sine barn til grava. Det skal ikkje vere slik. Dei gravferder som er tyngst, er når det er slik likevel, med feil rekkefølgje.

Det er livet vi eigenleg markerer og endå til feirar når vi sørgjer over ein som er død. Det er ikkje døden som er vårt fokus, men livets store gåve. For nokon er det ei likevel ei markering og sorg over det livet som aldri vårt levd - til endes.  

Døden kan for mange kome som den forventa, nesten som ein ven, som den naturlege avslutninga på livet. Like fullt er den endeleg, sjølv om det er venta. Det er noko sikkert og ugjenkalleleg når det er slutt.

Mange av oss har fått følge våre foreldre og besteforeldre til ei grav.  Det er vemodig, men heldigvis er det ofte eit moment for djup takksemd. Men for nokon kan det vere med blanda kjensler, endå til vanskelege kjensler.

Det er to spørsmål som stengjer litt for tanken vår når vi les denne teksten: Korleis kan naturlovene brytast på denne måten? Den som er død, er død.  Og: Kvifor berre den eine, kvifor ikkje alle som er døde blir møtt på denne måten? Forteljinga gir oss ikkje eintydige svar.

Men forteljinga trengjer seg på oss, og innpå oss. Kva er dette for eit budskap, eigenleg? Lukas Cranach, reformasjonstidas store målar av Luther og hans samtidige, har måla denne forteljinga, som om det er utanfor porten i ein tysk by på 1500-talet. Ein ser noko som liknar svært på tårna i Wittenberg. Folk er kledde i flotte svarte sørgeklær for sorg der og på den tida. Jesus kjem bortåt som ein mann i ein skitten kjortel, som ein tiggar, som tek i handa til den døde sonen og drar han opp av den opne kista som dei ber på. Budskapet synest å vere: Denne Jesus kan vere kvar som helst. Når som helst. Eller sagt på ein annan måte: Denne kjærleiken er overalt og kan bryte seg inn overalt. Også her hjå oss.

Vi kan høyre i dagens evangelieforteljing eit teikn som peikar fram mot Jesu eiga oppstode.

Men det er likevel eit anna fokus i forteljinga som trengjer seg på. Det er der fortlejinga stoppar opp, der vi høyrer korleis Jesus og hans kjærleik bryt konvensjonar for ei gravferd. Han bryt gjennom alt, og skaper ein ny realitet. Han syner «inderleg medkjensle» med mora, som hadde mist sin einaste son, og som også var enkje. Ho var ei kvinne under livets tyngste slag, og utan nokon å forsørgje seg.

Det er då vi ser at det er noko som er eintydig her: Jesu syner Guds kjærleik til den som er mest såra og sårbar. Det er ingen grenser for denne Gudskjærleiken. Den kan nå inn til oss menneske, uansett korleis vi har det.

Dermed fortel denne historia oss noko spesielt om døden og det evige livet. Det evige grip inn i tida, som ei kjærleikens kraft. Den skaper relasjonar som ingen kan bryte. Dødens makt kan brytast av Gud sjølv. «Gud har gjesta sitt folk», sa dei, og lova Gud.

Den unge mannen levde ikkje for alltid. Men han og mora hadde fått kjenne korleis det evige, den evige Guds kjærleik, kan bryte inn. Denne kjærleiken, denne relasjonen, er sterkare enn døden.

Kristi lov er å bere kvarandre sine byrder, seier Paulus i Galatarbrevet. Det er slik Kristus rår i denne verda. Kristi lov kan gjelde over alle lover. Også naturlover.

«Christ’s love moves the world towards reconciliation and unity.” “Kristi kjærleik bevegar verda mot einskap og forsoning.” Det er tema for den neste Generalforsamling i Kirkenes Verdensråd, som skulle vore i desse dagane, men som er utssett eitt år. Det temaet er ikkje ein tilstandsrapport om verdas tilstand. Det er eit utsagn i tru, som byggjer på forteljingar som denne.

Kristi kjærleik kan samanføye igjen det som er brote. Kristi kjærleik kan også få generasjonar til å forsone seg med kvarandre. Menneske og natur. Menneske som er ulike på alle slags vis kan forsonast og vere eitt – slik Gud ville det.

Kvar er vi i denne forteljinga i dag – i vår tid?

Vi treng – som menneske før oss – eit eintydig ord om Guds kjærleik som er sterkare enn døden. I alt som skjer med oss. I møte med både liv og død. I det som møter oss som einskilde menneske og som fellesskap. Denne kjærleiken kan også verte ein del av våre relasjonar til kvarandre. I liv og død.

-

Til slutt: Eg kjenner ein sterk uro over alle dei sterke protestane frå unge menneske for å stoppe klimaendringane. Dei byggjer på det vi veit no. Og dei får meg til å spørre: Kjenner dei unge meir  på dødens krefter for menneske og natur enn vi som er eldre?

Kanskje er det nettopp det tragiske i at vår generasjon står i fare for å formidle til dei neste generasjonar ei verd som ber i seg meir frykt for død enn håp?  

Fortellinga frå Nain har kraft i seg i møte med eit slikt scenario. Kristi lov, kjærleiken til dei som Gud har skapt, til alt det som Gud har skapt, kan få oss til å sjå på ein annan måte.

Denne forteljinga kan få oss til å halde fast på det eintydige: Kjærleiken som er sterkare enn døden.  Kristi lov om å bere kvarandres byrder kan gi oss styrke til å gjere det som må til.

Håpet treng trua og kjærleikens kraft.

For det er framleis noko som er eintydig i denne verda. Guds kjærleik til oss. Som er sterkare enn døden.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, vår Skapar, Frelsar og Livgjevar, som var, er og vere skal, ein sann Gud frå æve og til æve.

Amen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"