VAKE - Kirkelig ressurssenter mot seksuelle overgrep

Her kan du lese Preses Olav Fykse Tveits preken ved 25-årsjubileet for Kirkelig ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep, som ble markert med jubileumsgudstjeneste i Trefoldighetskirken 21. november 2021.

Foto fra jubileumsgudstjeneste i Trefoldighetskirken

av Preses Olav Fykse Tveit,

Preike ved 25-årsjubileet for Kirkelig ressurssenter mot vald og seksuelle overgrep - VAKE, 21. nov 2021

Jubileum.

Det er både dur og moll i tonane i ei dette jubileet.

Jubileum, ja, i glede over det som Kirkelig ressurssenter har fått til. Men det skjer mot eit bakteppe som handlar om å ta på alvor noko som ikkje skulle skje, som likevel skjer.

Ikkje mindre er det grunn til å gratulere Kirkelig ressurssenter mot vold overgrep med 25-års jubileet. Det er mange som takkar for at nettopp dette senteret finnst. Det er sikkert mange av dei som ikkje tenkte at ein sjølv skulle få bruk for det då det vart starta.

Det norske kyrkjelege ressurssenteret er sett som eit fyrtårn også utanfor Noregs grenser, som syner korleis det kan gjerast når kunnskap og handling går hand i hand for å motarbeide vald og seksuelle overgrep og for å hjelpe dei som opplever det.  

Det framstår også som eitt av mange uttrykk for den store globale økumeniske solidaritetskampanjen mot vald og seksuelle overgrep «Thursdays in Black». Kirkenes Verdensråd har gjort dette til eitt av sine varemerke. Rapportar fortel oss at det skjer meir av vald og overgrep i verda under pandemiens tid då fleire har vore meir heime. Heimen er ikkje ein trygg plass for alle.

--

Senteret har fått eit nytt, vakkert namn. Ordet «Vake» - på mitt målføre – vitnar nettopp om at det er nokon som er vakne. Det er nokon som har eit vake blikk for dei som treng å bli sett, og eit ope øyra for dei som treng å fortelje om det vonde dei har opplevd.

Namnet utfordrar også: Det er ei oppgåve for nokon kvar å vake, ikkje minst dei som har leiaransvar.

--

Dette er ei særdeles viktig kyrkjeleg diakonal teneste for sårbare og såra menneske. Det er mange som treng eit anna, trygt rom, og eit møte med menneske som kan følgje ein på ein veg mot ny erfaring av eiga verdigheit.

Dette er eit svært spesifikt og nødvendig uttrykk for kyrkjas store diakonale oppdrag: Evangeliet i handling. Det handlar om å vere til stades og gi tid og rom for å møte det vonde, og gi rom for ord, haldningar og handlingar som kan opne opp for håp.

--

Dette er også dagens evangelium. Kvinna utan namn berører Jesu kappe, og Jesus lar seg berøre – av kvinnas livserfaring og nød. Det er ein knapp realisme i dei få orda om henne som fortel om helseproblem som førte til sosial og religiøs utestenging. Ho var rekna som kultisk urein.

Ho strekkjer seg, ho gir ikkje opp. Ho som er urein bryt ei barriere ved å ta på den heilages kappe. Endå meir spesifikt vert det fortalt: ho tar på ein av fire duskane på kappa som skulle vere ei påminning om å leve etter Herrens bod.

Denne omtalen står i ein skarp relieff til dei knappe og klare nådens ord ho får høyre: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.»

Himmelriket er kome nær. Den evige Gud er i tida, blant menneske. Jesus går ikkje forbi, men han stansar opp akkurat der ho er. Han gir den som treng ny merksemd eit blikk og eit ord som reiser henne opp og bekreftar hennar tru.  

Trua er det ho gjer i tillit til at han representerer noko heilt anna. Trua hennar er ikkje alt ho kunne ha tenkt og meint, som også kunne få henne til å ikkje kome nær Jesus. Tru er å erkjenne det ein ikkje kan sjølv, for så å gjere det ein kan sjølv: Å strekkje seg i håp mot den Gud som ser og høyrer oss.

--

Det er i lys av dette vi er kalte til å formidle evangeliet i både ord og handling.  

Vi skal legge til rette for at menneske som er krenkte og skada kan våge truas steg og grep. Det gjer vi ved å vise at det er nokon som kan ta dei på alvor og vere til hjelp.

Også vi skal bere fram gode ord som kan skaper det dei nemner.

Dette kjem til uttrykk i dei vâre og samtidig klare ord i hustavla som vi høyrte lest i dagens liturgi:

Krenkes et medmenneske
Krenkes Gud
Ingen skal bære alene
Vi vil støtte
Vi vil tro på
Vi vil skape trygge rom
Kirkene står sammen mot vold og seksuelle overgrep.

Vi uttrykkjer saman ord og handlingar som uttrykkjer ei ekte forsaking av urett og det vondes kraft. Vi uttrykkjer også med våre ord og handlingar ei ekte tru og forventning om at Gud kan møte oss med den gode kjærleikens kraft.

Bortom tid og rom og tanke. Det er håpets blikk som ser dit. Erkjenninga av det mørke og forventninga om lyspunkt driv oss til å håpe, til å tru at det er noko meir enn det vi ser og høyrer, noko bortanfor, som likevel er heilt verkeleg og som kan bli ein del av mine erfaringar, av min pust, min tanke, mine kjensler, både min gråt og og min latter.

Dette er håpets karakter. Det er noko meir enn ein sannsynlighetsberegna optimisme. Det er noko meir enn minner om at det kjem godver etter regnver. Det er noko meir enn eit sinn som er overspent i store bokstavar «ALT BLIR BRA».

Den som håpar strekkjer seg for di det er noko og nokon å strekkje seg mot. Det er nokon som er der og gir teikn på at det er noko meir.

--

Håpet vert på den måten truas eigenlege uttrykk. Det er forventninga som vert tillit. Det er tilliten som vert ei utstrekt hand. Handa vert møtt av ei anna hand og stemme som ber kjærleikens vilje og kraft.

--

Ein dag er det meg, ei natt er det deg som strekkjer ut ei hand for å få hjelp. Ei natt er det eg som opnar døra for eit anna rom, ein dag er det du som ber håpets teikn ved å vere der eg trengte at du var.

 --

Ikkje alle opne rom er trygge. Heller ikkje i kyrkja. Eg gløymer ikkje mitt sjokk då ein urfolksleiar og prest i Canada skulle opne eit seminar om deira situasjon ved å foreslå at dei skulle synge «Amazing Grace». Ein song vi alle kunne, ein vakker tekst om nådens overraskande kraft for alle. Så lo han, så lo mange av dei som var til stades. Ein rar latter. Og han skjønte at eg ikkje forsto kva dei lo av. «Det er umulig for oss å synge den sangen», sa han. Det er den songen vi måtte synge kvar morgon på «boarding schools», der vi vart tvangsplassert. Kvar morgo måtte vi synge den, etter ei ny natt der nokon av oss var blitt misbrukt seksuelt av nokon av dei som skulle passe på oss.»

Det tok nokre månader før eg foreslo den som allsong igjen. Det beste kan bli brukt til å dekkje over det verste. Diverre veit vi mykje om det. Og de på ressurssenteret veit mykje meir enn oss.

Også kyrkjas budskap om nåden kan bli uklart.

Men kyrkjas budskap kan også bli reinsa, og gitt ny kraft og styrke til alle som har bruk for å høyre det.   

Måtte eit jubileum som dette gi oss tru på det.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, vår Skapar, Frelsar og Livgjevar, som var, er og vere skal, ein sann Gud frå æve og til  æve. Amen.  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"