Blått heidersskilt til Arna

Borgstova, det vesle kvite huset som ligg ved sidan av Arna kyrkje er eit kulturminne som no har fått heidersutmerking i form av eit blått emaljeskilt.

Publisert:

Hans Martin Svarstad frå Arna sokneråd (t.v.) og Jørgen Bakke frå Det Nyttige Selskab (t.h.). Alle foto: Inghild Hareide Hansen
Hans Martin Svarstad frå Arna sokneråd (t.v.) og Jørgen Bakke frå Det Nyttige Selskab (t.h.). Alle foto: Inghild Hareide Hansen

Tekst og foto: Inghild Hareide Hansen

Dette er ei gåve frå Det Nyttige Selskab, som i samband med sitt 250-års jubileum, vil markere eitt kulturminne i kvar bydel i Bergen. Borgstova vart vald ut i Arna bydel, og laurdag 31.oktober vart det arrangert ei lita markering av både Borgstova og denne utmerkinga.

Inghild Hareide Hansen, gravplassjef i Bergen kyrkjelege fellesråd, takka for at Borgstova har fått eit skilt som synleggjer kulturminneverdien til huset. Ho framheva at det vakre skiltet kan bidra til undring og kunnskap om fortida vår.

Kantor Jan Røshol og Arna kyrkjekor sette ei høgtideleg ramme rundt seremonien, ved å framføre salmen «No stig vår song» av Edvard Hoem (bildet over).

Jørgen Bakke frå Det Nyttige Selskab knytte Borgstova til industrieventyret i Arna. Både kyrkja og Borgstova er eit resultat av industriutviklinga som tok til tidleg på 1800-talet.

Borgstova, som i dag husar Arna Gravferdsbyrå har hatt fleire funksjoner gjennom tidene, og har vore brukt som både prestebustad og skulestove.

Skiltet vart avduka av Hans Martin Svarstad frå Arna sokneråd. Han takka for at dette vakre, men beskjedne kulturminnet har fått ei slik anerkjenning. Som nabohus til Arna kyrkje er ho sentralt plassert, og har gjennom generasjonar fylgt arnafolket sine markeringar av livet, frå vogge til grav.

Les meir om blå skilt her: Blå skilt i Norge og om Det Nyttige Selskab her: Det Nyttige Selskab – Lyser og nytter.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"