Det er kantor Per Inge Hove som står bak desse nye arrangementa, og han lovar ei blanding av fellessongar, musikkinnslag med solist og eit lite essay, anten om eit av musikkinnslaga eller ei av salmane.
Den 4. september blir Johanne Løkensgard Mjøs med på kvelden. Ho er ein veldig god utøvar på fele. Rekkefølgja på dei påfølgjande salmekveldane er ikkje klar enno, men tema blir truleg bedehussongar, gospel og advent. Det blir gjester med på alle kveldane.
– Salmekvelden vert ein hybrid mellom tradisjonell salmekveld, konsert og forteljing, så eg trur det blir interessant å møte opp, seier Per Inge som ønskjer alle velkomen til salmekveldane som varer ca 45 minutt.