Konfirmasjon

Konfirmasjon
Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkommen til konfirmasjon i kyrkja.
I konfirmasjonstida er det rom for å utforske mange viktige sider av livet saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om deg sjølv, om tru, om Gud og den verda du er ein del av. Bli med på ei spennande reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen!
Vi håper du vil vere konfirmant hos oss!
Tilrettelagd konfirmasjonstid
Alle har rett til ei god konfirmasjonstid. Dersom du har behov for tilrettelegging, tar du kontakt med oss!
Påmeldinga opna 19. mai kl 12.00.
Konfirmasjonsdatoar 2026 i Bryne kyrkje: lørdag 25. april, søndag 26. april og lørdag 9. mai.
Ta kontakt med kateket Ingfrid Time Nærland ved spørsmål.
Mob 401 67 222 , epost: in754@kirken.no