Velkommen til vinterleir 2.-4. februar!

No nærmar konfirmantleir seg med stormskritt og vi er godt i gong med å forberede denne. Tema for leiren er Loved. Og dette håpar vi at kan få vere med å prege heile leiren! Du kan sjå frem til ein leir med aktivitetar, bibelsamling, teambuilding, mat, misjon, leikar, kjekke folk og alt anna som høyrer til på ein leir. Vi håpar at du gler deg – det gjer vi leiarar – og vi skal gjere alt vi kan for at dette skal bli bra leir! Det er viktig at du les all informasjon nøye! Då er du sikker på at du får med deg alt du treng!

Velkommen til vinterleir 2.-4. februar!

Ta med:

  • Laken, putetrekk og sovepose/dynetrekk. Dersom du gløymer sengetøy kan du leige av Skjergardsheimen for 70 kr.
  • Klede til å vere inne i og klede til å vere ute i. Hugs at det er haust og sannsynlegvis både kaldt og vått. Ta med klede og sko som tåler vatn og kulde!! (Alle konfirmantane skal vera med på uteaktivitetar to timar på laurdagen)
  • Tannbørste og toalettsaker
  • Sjampo, såpe og handkle
  • Innesko/tøflar (Ingen går med sko inne)
  • Bibel og skrivesakar.


Oppmøte og heimreis

Alle har sjølv ansvar for å komme seg til Skjergardsheimen, som ligg på Tjeldstø i Øygarden, til kl.18.30. Viss du vil ta buss, går det ein buss i frå Straume kl. 17.27 (rute 460), med bussbyte på Ågotnes kl. 17.50 (rute 479).

På søndagen går det dessverre ingen bussar i passande tid frå Øygarden, så då baserar me oss på at foreldre/føresette hentar konfirmantane. Leiren blir avslutta med Ung Messe og kyrkjekaffi kl.12.00.

Program:

Fredag

Laurdag

Søndag

Kl. 18.30: Ankomst og innkvartering

Frukost

Frukost

Kveldsmat

Bibelsamling

Rydde, pakke og vaske

Bli-kjent- samling

Aktivitetar ute og inne

Kl. 12.00: Ung Messe og kyrkjekaffi

Kveldsavslutning

Lunsj

Heimreise

God natt

Aktivitetar ute og inne

 

  Temasamling

 

 

Middag

 

 

Leirkveld

 

 

Kveldsavslutning

 

 

God natt

 

     

Heile familien er inviterte til Ung Messe
på Skjergardsheimen på søndag kl. 12.00!

Aktivitetar

Workshops:

På laurdag delar vi oss inn i grupper som skal jobbe i ulike «Workshops». Noko av det vi jobbar med skal vi vise på Ung Messe på søndagen, andre ting skal vi gjere nytte av og kose oss med i andre delar av leiren.

  • Matgruppe – Bake boller, kake, muffins o.l. til kyrkjekaffien på søndagen.
  • Fotogruppe – Eit lite fotokurs, med mulighet til å prøve ut det dei har lært. Vi har speilreflekskamera til låns.
  • Kreativ gruppe – Teikning, fargelegging og papirforming. Slepp kreativiteten laus på papiret!
  • Leirkveldgruppe – Finne leikar, sketsjar og aktivitetar til leirkvelden på laurdagskvelden
  • Songgruppe – Øve på songane vi brukar på leiren og vere med som forsongarar på Ung Messe.


Send inn ønske om gruppe på førehand:

Send inn ei prioritert liste over dei tre gruppene du har mest lyst til å vere med på  og 1-2 konfirmantar du ønskjer å vera saman med.

Uteaktivitetar:

Alle gruppene skal i tillegg til gruppene vere med på aktivitetar ute. I år skal vi ned til sjøen og padle i kano! Viss det blir for mykje vêr, kjem det til å bli båttur i fiskebåten til Skjergardsheimen i staden.

Fordi alle konfirmantar uansett kjem til å bruke tid ute, er det viktig at de alle har med klede og sko til å vere ute i, som tåler kulde og vatn. Vi kjem til å gå ut uansett vêr!


Romfordeling

På Skjergardsheimen er det to- og tremannsrom. Alle konfirmantane har anledning til å seie ifrå på førehand kven dei helst vil bu på rom med. Vi kan ikkje innfri alle ønskje, med vil ta omsyn til så mange som mogleg.


Særskilde behov

Dersom du har nokon form for allergiar, sjukdommar eller medisinbehov som vi må ta omsyn til er det viktig at de gjer beskjed til oss om dette i god tid før leiren!  

Gje også beskjed før leiren om du brukar sterke reseptbelagde legemidlar.


Publisering av bilete

  • Det vil bli tatt bilete under leiren. Fleire av desse kan bli publisert i kyrkjebladet og/eller på kyrkja si nettside.
  • Dersom du ønskjer å reservere deg mot at bilete av deg vert offentliggjort så treng vi skriftleg melding om dette, helst før leiren.
  • Konfirmantar skal ikkje legge ut bilete av andre ungdommar på leiren utan å ha avklart med dei på førehand.


Reglement

For at alle skal oppleve leiren som kjekkast muleg, må vi ha nokon reglar.

  • Vi skal ha mykje felles opplegg på leiren og det blir forventa at du deltek på dette, og har ein positiv innstilling. Vi lovar å gjere vårt aller beste for at du skal trivast!
  • Ha ein «god tone» med dei andre på leiren. Respekter med-konfirmantar og leiare.
  • All bruk og oppbevaring av tobakk, alkohol eller andre rusmidlar på leiren er sjølvsagt ikkje lov. Dette har vi nulltoleranse for og brot på denne regelen vil medføre heimsending.
  • Ved heimsending må foreldre/føresette kome å hente sin konfirmant på leirplassen.
  • Energidrikk, som redbull, burn o.l., er ikkje lov å ha med.
  • Ikkje ta med PCar, nettbrett, høgtalarar eller liknande.
  • Konfirmantane har ikkje tilgang på WiFi på Skjergardsheimen


Betaling

Haustleiren kostar 1200,-
Dette kan de betale kontant eller med Vipps ved ankomst på fredagen eller ved henting på søndagen.


Ta kontakt dersom du lurar på noko.

Vi gler oss til leir!

Venleg helsing Beate, Bjarte, Håkon, Maria og Eivind.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"