Konfirmantane skal delta på minimum åtte gudstenester i tillegg til konfirmasjonsgudstenesta i mai. På kvar gudsteneste skal konfirmantane fylle ut eit gudstenesteark, for å registrere frammøte. Dette arket skal leverast til presten eller kyrkjevertane når gudstenesta er slutt.
Oversikt over alle gudstenestene i Øygarden kommune finn de på skjerikyrkja.no
Hugs at ikkje alle gudstenester startar kl. 11.00. Viss konfirmantane går på gudsteneste andre stadar enn Fjell, Foldnes og Landro kyrkje, ta ein selfie i kyrkja, gjerne saman med presten, og send til konfirmantlæraren din.
Vi oppfordrar foreldre/føresette til å slå følgje med konfirmanten til gudstenestene.
Presentasjonsgudsteneste
I september blir det presentasjonsgudstenester for alle konfirmantane. På presentasjonsgudstenestene blir namna på konfirmantane lest opp, og alle får utdelt ein bibel som vi skal bruke gjennom året.

Lysmesse
I mørketida skal nokre av konfirmantane vera med på å lage lysmesse i kyrkja si. Dette er stemningsfulle gudstenester der alle konfirmantar og foreldre er særskild velkomne.
Me tenner lys i mørkret og les tekstar som fortel om frelsaren som kjem. Ei flott gudsteneste for heile familien i desember.

