Er det ein samanheng mellom det me trur på og korleis me lever?
Kva er diakoni?
Treng me å bry oss om andre?
Dette er nokre av dei spørsmåla konfirmantane vil finne svar på i denne gruppa.
Opplegget går ut på nokre temasamlingar og praksis i deler av diakoniarbeidet i kyrkjelyden.
Det blir 5-6 samlingar i løpet av året, og gruppa har ingen ekstra betaling.