Alle er velkommen til konfirmasjon i kyrkja!
Om du er ein som trur, tvilar, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig – du er velkommen som konfirmant! I konfirmasjonstida får du sjansen til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre – uansett kva utgangspunkt du har.
Som konfirmant i Fjell, Foldnes eller Landro kyrkje får du mange nye opplevingar, og du får lære meir om Gud og deg sjølv.
Vi i konfirmantteamet gler oss til eit nytt konfirmantår og håpar å bli kjend med nettopp deg!
Konfirmantåret startar med T14-dagen torsdag 5. sepetmber , og varar til konfirmasjonsgudstenesta i mai.
Alle som ønskjer å vere konfirmant i Fjell, Foldnes eller Landro må fylle ut påmeldinga på nettsida.
Vi vil gjere det mogleg for alle som ønskjer det, å vere konfirmant. Det kan vere mange årsaker til at det kan vere vanskeleg å følgje det ordinære opplegget som er sett opp.
Om det er funksjonshemmingar, sosiale vanskar, sjukdom eller anna som gjer det utfordrande for konfirmanten å følgje opplegget, ønskjer vi svært gjerne å kome i kontakt med foreldre/føresette og konfirmanten slik at vi saman finn ei god løysing for konfirmasjonstida.
Ulike tiltak kan til dømes vere: ein-til-ein undervising, undervisning i mindre grupper eller annan tilrettelegging.