Tradisjonen tru går Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon av stabelen ei veke før palmesøndag.
Fasteaksjonen har som mål å samle inn pengar til dei som treng det mest. Kirkens Nødhjelp driv arbeid for ei rettferdig verd i mange land verda over.
Som ein del av kyrkja har vi fått eit ansvar for verda, og vi ønskjer å dele av alt det vi har fått med dei som har fått lite. Derfor ønskjer vi som kyrkje å sette fokus på Fasteaksjonen. Ein enkel måte å vise at vi bryr oss, også om menneske vi ikkje kjenner.
I 2022 samla vi inn 204 000 kr til Fasteaksjonen i Fjell, Foldnes og Landro. Du kan med å gjere neste års resultat endå bedre!
Til Fasteaksjonen treng vi hjelp frå foreldre/føresette som sjåførar og praktisk hjelp (registrering av bøsseberarar og teljing av pengar) under aksjonen.