Ungdomsrådet i Møre deltek på UKM 2018

Møre bispedøme har to delegater på UKM 2018 i Stavanger (28.september-2.oktober).  Jonathan Risung (leiar i ungdomsrådet) og Ylva Elisabeth Bjørnes (nestleiar i ungdomsrådet) vil under UKM (Ungdommens kirkemøte) få oppleve kyrkja sitt demokratiske arbeid for ungdom mellom 15-30 år.

Ungdomsrådet hadde møte i september.      Ifrå venstre: Olai Eide Stavseng, Iver Fiskaa Ødegård, Ylva Elisabeth Bjørnes, Tordis Kanutte Frisvoll, Jonathan Risung, Øystein Grimstad Thormodsæter

                                                          Ungdomsrådet i Møre bispedøme

Ungdomsrådet hadde møte i september. Denne gong vart det mykje grupparbeid og dei førebudde seg på sakene som er på agendaen til UKM 2018:

Kirkens sitt ansvar for barns rettigheter, seksualundervisning i kirken, konfirmert - hva nå? Ung i kirken 15-30 år, Hovedgudstjenesten, Frykt ikke? Kirkens møte med fremmedfrykt.

                        Her kan du lese meir om  UKM 2018 og ungdomsdemokrati i kyrkja.

 

Ungdommens kirkemøte (UKM) er eit nasjonalt organ som er satt saman av to delegater frå kvart bispedøme og ein frå kvar av dei frivillige organisasjonane. Kyrkja sitt oppdrag er å forkynne evangeliet. Målet er at fleire mennesker skal oppleve at trua og kyrkja sitt fellskap er viktig for deira liv. Eit anna mål er at kyrkja sin stemme skal høyrast i samfunnet.

Korleis få det til?

Den norske kyrkje er ein demokratisk organsisasjon. Alle døypte er medlem i kyrkja, og alle medlemmar har rett til å bestemme. I 1993 sette Kirkemøtet som mål at minst 20 prosent av reoresentantane i dei kyrkjelege råda skal vere ungdom under 30 år. Det er viktig for kyrkja at barn og unge får muleghet til å vere med på å forme kyrkja. Dei er kyrkja si framtid og dei er kyrkja si notid.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"