– Viktige vedtak for sjølvstendig kyrkje

Årets Kyrkjemøte gjorde mange viktige vedtak som bidrar til utviklinga av ei sjølvstendig og landsdekkande norsk folkekyrkje, meiner leiar i Møre bispedømeråd, Ann-Kristin Sørvik.

Når dimensjonar rundt kyrkjene som kulturminne og kulturarenaer spelar i lag, medverkar det til at nye besøkande oppsøkjer kyrkjene. Det byggjer i sin tur ned tersklar og vekkjer refleksjonar rundt tru og eksistens for mange, seier bispedømerådsleiar Ann-Kristin Sørvik.

– Møre ligg høgast i landet på kyrkjeoppslutning, med høge tal for dåp og konfirmasjon. Trusopplæringa styrkjer seg i bispedømet og aldri før har kultursatsinga i kyrkja i Møre vore breiare enn no. Eg trur mange i Møre opplever kyrkja som ein god stad å vere og høyre til. Derfor blir det også viktig at medlemmene kjenner seg att i det landskapet kyrkjemøtet peikar inn i, seier bispedømerådsleiaren. 

 

Visjonar

Ho viser til at årets kyrkjemøte utvida Den norske kyrkja sitt visjonsdokument Meir himmel på jorda med tre nye punkt. Dei komande åra vil kyrkja sine visjonar omfatte desse sju målsettingane:

 

1. Gudstenestelivet blømer

2. Fleire søkjer dåp og trusopplæring 

3. Kunst- og kulturuttrykk er ein del av kyrkja sitt liv

4. Kyrkja engasjerer seg i samfunnet

5. Fleire finn plassen sin i kyrkjeleg arbeid 

6. Kyrkja skaper trygge rom

7. Kyrkja har ein demokratisk og velfungerande organisasjon

 

Soknet

Kyrkjemøtet gjekk grundig gjennom regjeringa sitt framlegg til ny lov om trus- og livssynssamfunn, og vedtok ein uttale kor det vart streka under at lova må seie at soknet  framleis er den grunnleggande eininga i kyrkja.

Kyrkjemøtet vil også at den nye lova konkret seier at soknets grunnleggande oppgåver er å feire gudsteneste, gi undervisning og drive diakoni og misjon. Fleirtalet i kyrkjemøtet går inn for at stat og kommune framleis deler det økonomiske ansvaret for drifta av Den norske kyrkja lokalt.

 

– Dette inneber truleg at kyrkjelydane framleis blir organisert og drivne mykje godt etter same modellen som har ligge til grunn dei siste tjue åra - og eg trur kyrkjemedlemmer flest er nøgde med dette, seier bispedømerådsleiaren.

 

Kultur

Kyrkjemøtet drøfta også kyrkja si involvering i kulturpolitikken og kyrkja si rolle som aktør og arena på kulturfeltet. Kyrkja må vere open og inviterande når kunstnarar og kulturinstitusjonar brukar kyrkjerommet, fordi kunst og kultur opnar trua sitt rom, meiner kyrkjemøtet. 

 

– Eg meiner vi har sett dette tydelig i Møre, der både talet på kulturarrangement og frivillige kulturmedarbeidarar går opp. Kyrkjene våre er rike skattar, også som kulturminne og som arenaer for kulturopplevingar.

– Når dimensjonar rundt kyrkjene som kulturminne og kulturarenaer spelar i lag, medverkar det til at nye besøkande oppsøkjer kyrkjene. Det byggjer i sin tur ned tersklar og vekkjer refleksjonar rundt tru og eksistens for mange, seier bispedømerådsleiar Ann-Kristin Sørvik.

  

Gjestfrihet

Kyrkjemøtet vedtok vidare ein resolusjon om vårt ansvar for å ta vel imot framande. Resolusjonen med overskriftaVis gjestfrihet!  blei samrøystes vedtatt. – I kyrkja i Møre må vi spørje oss kva dette inneber for oss, og om våre miljø er retta inn mot å vere opne overfor menneske som kjem til vårt land, våre nærmiljø og våre kyrkjelydar, seier Sørvik.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"