Årsrapport for kyrkja i Møre: Fleire i trusopplæring - færre til gudsteneste

Årsrapporten for Den norske kyrkja i Møre viser at oppslutninga om trusopplæring og konfirmasjon aukar - men samstundes går oppslutninga om gudstenester og dåp ned. Talet på frivillige i kyrkja viser ein markant oppgang.

Årsrapport 2017 for Den norske kyrkja i Møre viser at oppslutninga om trusopplæring og konfirmasjon aukar - medan oppslutninga om gudstenester og dåp går ned.

Les Årsrapport 2017 for Møre bispedøme

Frå 2016 til 2017 har gudstenestedeltakinga gått ned med kring 5 prosent. Den samla oppslutninga om gudstenester i Den norske kyrkja i Møre i 2017 var 372.348. Samstundes går oppslutninga om dåp ned med 1,4 prosent. Mellom dei som er medlemmer i kyrkja var det 85,6 prosent som døypte borna sine i kyrkja i 2017. 

Trass i nedgangen ligg Møre på topp mellom bispedøma når det gjeld oppslutning om gudstenester og dåp.

Årsrapporten viser samtidig at oppslutninga om trusopplæringstiltak i Møre aukar. I 2017 auka talet på deltakarar  med 3 prosent - til 49% deltakarar i den aktuelle målgruppa.

Oppslutninga om konfirmasjon mellom døypte 15-åringar blir også halden oppe, og viste ein auke på 6 prosent frå året før - frå 91 prosent til 97 prosent.

Talet på kyrkjelege vigslar og kyrkjelege gravferder held seg stabilt.

Årsrapport 2017 viser ein markant auke i talet på medlemmer som gjer frivillig teneste i kyrkja. Frå 2016 tiul 2017 auka dette med 645 personar, frå 7145 til 7790.

Årsrapporten viser også at det er ein auke i ulike kunst- og kulturuttrykk i kyrkja, som t.d. konsertar og ulike kulturarrangement.

Av andre indikatorar kjem det fram at kyrkjelydar med inngått misjonsavtale aukar, fleire kyrkjelydar har utvikla plan for diakoni og fleire kyrkjelydar blir "grønn kyrkjelyd". 

 

Folkekyrkje

– Grunnlaget for alt kyrkjeleg arbeid i Møre er målsettinga om å vitne i ord og gjerning om frelse, fridom og von i Jesus Kristus ved å vere: Bekjennande, Open, Tenande og Misjonerande. Dei aktivitetane vi har, og som blir spegla gjennom årsrapporten, byggjer alle på dette grunnlaget, understrekar stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug.

– Vi vurderer at Møre bispedøme bidrar til god måloppnåing på fleire område, men vi vurderer også at vi ikkje fullt ut kan svare positivt på målsettinga om ei landsdekkande kyrkje, seier stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug, som viser til at det av fleire årsaker kan vere krevjande å halde gudstenestetilbodet på eit ønskt nivå i alle sokn i bispedømet. 

– Nedgangen i talet på gudstenestedeltakarar har vi tidlegare år kunne forklare ut frå minkande gudstenestetal, men i 2017 ser vi at endringa i hovudsak er knytt til at færre i snitt går til gudsteneste. Gudstenestefrekvensen er i snitt framleis i underkant av 50% og går ned, kommenterer Storhaug.

– Samstundes les vi tala slik at for folk flest er kyrkja i Møre framleis viktig i møte med livsritene. Talet på konfirmasjon går opp, talet på kyrkjelege vigslar og gravferder er stabilt. Det er også ei positiv utvikling i folkekyrkja sitt engasjement i lokalsamfunna, der diakoni, misjon, kulturtiltak og miljøsatsing aukar. Vi kan knytte den markante auken i medlemmer som gjer frivillig teneste i kyrkja til dette, meiner Storhaug.

Møre bispedøme var for 2017 tildelt kr 75,4 mill. Midlane er nytta til 84,6 årsverk, der presteteneste utgjer 70,8 årsverk. I tillegg forvaltar Møre bispedøme kr 29 mill. i tilskotsmidlar, der 19 mill. går til tilskot til trusopplæring i kyrkjelydane og 9,8 mill. går som tilskot til 15 stillingar innan diakoni og 11 stillingar innanfor undervisning i kyrkjelydane. Rekneskapen viste i 2017 eit akkumulert mindreforbruk på vel 1 mill.

Les Årsrapport 2017 for Møre bispedøme

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"