Klokka var om lag seks, og det var begynt å skumre. Eg kunne framleis sjå stien, eg kunne til og med sjå fjella på andre sida av fjorden. Han som gjekk framom meg var blitt utålmodig fordi eg snubla i steinar og sklei. Det var då kommentaren kom, nærast som ein kommando: – Sjå til å skru på hovudlykta di! Eg hadde ikkje ein gong tenkt tanken på at det var mørkt, Det var jo nesten dagslys!
Då eg skrudde på lykta kunne eg plutseleg sjå at stien var meir ulendt enn eg hadde trudd. Det var steinar og glatte gjørmeparti om kvarandre. No fekk eg sjå kvar eg sette foten, og fekk opp farta. Å få på lyset gjorde susen, sjølv om det var litt audmjukande at eg ikkje kom på det sjølv.
No i advent gjer vi oss klar til at Jesus kjem. Profetane, døyparen Johannes og andre som vitnar om Jesus, vert kalla lys i mørket. Det er mykje mørke rundt om i verda, og det er absolutt på sin plass å spreie lys ved å ta imot flyktningar, støtte organisasjonar som arbeider for fred, og ikkje minst be, og dele evangeliet om Jesus som lyset i verda!
Det er mange måtar vi kan være med å spreie lys der det er mørkt på, men å gjere seg klar til at Jesus kjem handlar også om å innsjå at vi treng hans lys. Utan kontakt med lyskjelda vert det gradevis mørkare, det kan vera forlokkande vakkert, men vanskeleg å navigere. Kor mørkt må livet verta før vi skjønar at Jesus kom for å lyse for oss?
Kvar helg i advent kjem det ein tekst til ettertanke frå unge prestar i Bjørgvin bispedøme på nettsidene. Denne tredje teksten er skriven av spesialprest for ungdom i Sogndal, Andreas Danbolt.