Faktura til Bjørgvin bispedøme

Skal du senda ein faktura til Bjørgvin bispedøme, ynskjer vi at du brukar Elektronisk HandelsFormat (EHF).

Faktura skal stilast til:
Den norske kyrkja, v/Bjørgvin bispedømeråd
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo
Ref:xxxxxxx Namn:

Det må ALLTID påførast referanse på fakturaen.

Faktura skal sendast elektronisk (EHF), org. nr. 818 066 872
(Alle einingar i Den norske kyrkja har same organisasjonsnummer, og det er difor viktig at ein stilar fakturaen til Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme og merkar med ref.).

Alle fakturaer skal alltid merkast med Prefiks for Bjørgvin: 270 og namn på kontaktperson. Fullstendig ref. får du oppgitt hjå den som bestiller varer/tenester.

Om ein ikkje har høve til å sende EHF-faktura, må fakturaen sendast som PDF-fil til e-post til mb.12908@xledger.net . Send berre eit vedlegg i kvar e-post, altså faktura og evt. vedlegg til faktura scanna saman i ei fil.

Unntaksvis kan faktura sendast pr. post til:
Scanningsentralen Rjukan Næringspark,
3660 Rjukan.

Om elektronisk faktura
Elektronisk faktura er ein faktura i eit strukturert dataformat som vert sendt elektronisk frå seljar til kjøpar og som kan importerast i kjøparen sitt økonomisystem og verte handsama maskinelt.

Den norske kyrkja med Bjørgvin bispedøme nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. Standarden Elektronisk HandelsFormat (EHF) er ein ressurseffektiv og rask måte å sende og ta imot elektroniske faktura. EHF-standarden er forankra i Føresegn om IT-standardar i offentleg forvalting .

Vår elektroniske adresse er lik organisasjonsnummeret vårt.
 
Kva skal til for at di verksemd skal kunne sende EHF-faktura?
Som leverandør må du fyrst vurdere om du kan produsere elektroniske faktura på elektronisk handelsformat (EHF) frå bedrifta di sitt eige fakturasystem. Har du mange kundar i offentleg sektor er dette den mest effektive løysninga. Du kan og bruke ein nettbasert fakturaportal til å sende faktura i rett format dersom ditt eige fakturasystem ikkje har denne funksjonen.

Andre viktige føresetnadar når du ynskjer å produsere EHF-faktura i eige fakturasystem
Om du ynskjer å produsere EHF-faktura i eige fakturasystem må du i tillegg inngå avtale med ein tenesteleverandør som formidlar elektroniske dokument. Nedanfor er lenke til informasjon om tenesteleverandører i Norge (frå Difi) som for tida leverer denne tenesta: Tenesteleverandørar i Norge   (Difi).
 
 
Frå 01.06.2019 vert ei felles økonomieining oppretta for rettssubjektet Den norske kyrkja (Felles økonomienhet (FØ)). Etter dette skal spørsmål om løn, økonomi og rekneskap rettast dit.
 

Kontakt, Felles økonomienhet
Telefon: 23 08 12 80
E-post til lønsteam 
E-post til økonomi

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"