Jule- og adventstida er ofte kalla "the season of giving," men det kan den ikkje bli før vi fyrst sjølv har teke imot det Gud vil gi oss.
St. Martin deler kappa si med ein tiggar. Malt av El Greco (ca 1597). Kjelde: Wikimedia Commons.
Vi er no komne til andre søndag i advent, og julestrida har allereie vore over oss i eit par månadar. Då er det godt å høyre på det Jesus seier til oss i dagens evangelium: «Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.» Her ser vi at jula primært handlar om å få. Jesus set ord på noko av det mest sentrale i vår tru; at Gud gir, og at vi tek imot. Advents- og juletida er altså ikkje "the season of giving," som ein seier i USA, men "the season of receiving." Dette har ikkje å gjere med egoisme, men om at jula handlar fyrst og framst om Jesus, om Gud. I Guds auge er vi alle mottakarar, tiggarar. Hjå Gud er vi alle born.
Men samstundes ligg det noko i det at vi skal gi. For når Gud vart menneske i Jesus, så gav han oss del i seg sjølv, og del i sitt tenande sinneleg. Difor vert advents- og juletida også "the season of giving," men berre fordi vi fyrst har motteke nåden frå Gud, til frelse, fred og til teneste. Då kan vi gi, då kan vi vise same sinnelag som Jesus. I jula vil vi truleg møte mange som treng hjelp, og som må ty til tigging. Dette blir det nok ikkje mindre av med alle flyktningane. Då må vi hugse det patriarken Johannes Chrysostomos sa: «Viss du ikkje kan finne Kristus i tiggaren på kyrkjetrappa, kan du ikkje finne han i kalken.»
Når vi har fått så stor ein nåde frå Gud, berre fordi vi har bedt om det, har vi også eit kall til å leve i dette, ved nåden, å skape ikkje berre ein "season," men "a life of giving."
Kjetil Kringlebotten
Kvar helg i advent kjem det ein tekst til ettertanke frå unge prestar i Bjørgvin bispedøme på nettsidene. Denne andre teksten er skriven av sokneprest i Kvinnherad, Kjetil Kringlebotten.
Del
Lenken er kopiert til utklippstavlen din!
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert