Eit rungande ja til det menneskelege

- Gud er ikkje fjern, skriv domprost Jan Otto Myrseth i si adventshelsing. Med det stiller han seg i rekkje med telologar heilt frå oldkyrkja til i dag.

Eit nokså idyllisk bilete av Jesus som lærer å gå, henta frå bøneboka The Hours of Catherine of Cleves (Utrecht, ca 1440).

For ein jøde så vel som for ein grekar var det utenkjeleg at Gud skulle bli menneske. Han som er allvitande og uendeleg kan umuleg underleggast menneskelege grenser, ville kritikarane innvende. Somme gjekk lenger og hevda at kjøtet eller menneskekroppen er av det vonde, og noko vi må verte frelste frå.

Denne måten å tenkje på såg oldkyrkja sine teologar som eit dødeleg trugsmål mot den kristne trua. For dei var det avgjerande viktig å halde fram at Gud ikkje er fjern, men er komen heilt nær. Han er ikkje tilgjengeleg berre for ein opplyst elite, men for alle som søkjer han. Det fysiske, jordiske og konkrete er ikkje negativt, men tvert imot møtestaden for himmel og jord – i barnet som vert lagt i krubba.

Gud vert kjøt. Slik forkynner evangelisten Johannes, og oppsummerer seinare i eit brev:
- det vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve livsens ord, det forkynner vi (1. Joh 1,1).

No har Gud drege sløret frå ansiktet og stått fram for våre auge. Han som ingen har sett (Joh 1,18), har synt sitt ansikt gjennom den einborne sonen.
Slik har den opphøgde, majestetiske Gud knytt seg til det trivielle og kvardagslege. Gud kjem inn i vår verd som eit menneske og gir på denne måten eit rungande ja til alt som heiter menneske. Ireneus av Lyons sa det slik: «Guds ære er det levande mennesket».

Ved å bli menneske sette Gud sitt kjærlege og nådige stempel på alt menneskeleg, på alle han har skapt i sitt bilete. Ikkje berre på det sterke og vellukka mennesket. Kvart enkeltmenneske tel like mykje i hans rekneskap. Liten og stor, sterk og svak, frisk og sjuk, fattig og rik.
Teiknet på denne Guds grenselause kjærleik er barnet som er sveipt og ligg i ei krubbe.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"