Adventstid gode til huset vårt kom.
Eg tek fram eit ljos til min stake tom.
Noko skal henda vår frostkalde jord.
Eg ventar ei gåve frå Herren stor.
Den gåva er av eit heilt anna slag ,
enn gåver vi får her på jord kvar dag.
Opna ditt hus og ditt stengte sinn
så gåva frå Herren kjem like inn.
Desse to adventsversa kjem opphaveleg frå Sverige. Der er dei velkjente og blir sungne av mange born og unge i adventstida. Eg møtte songen då eg kom til Kaupanger i Sogn og byrja som prest der. Sigrid Havro som hadde vore lærar i bygda hadde omsett den til nynorsk. Songen hadde slått rot i bygda, og då adventstida kom, henta dei den fram og song den.
Ein setning festa seg serleg hjå meg. Den står i fyrste verset. ”Noko skal hende vår frostkalde jord.” Eg har lurt på kva det var med orda som gjorde at dei gjekk inn? Eg trur det handlar om at dei enkelt og utan store fakter berre slår fast at noko godt skal hende på vår frostkalde jord. Det gjer ikkje verda til ein idyll, eller livet enkelt. Likevel - noko skal henda - noko har allereie funne stad midt på vår jord som gjer at den aldri blir den same. Eit håp er planta som tåle frosten, eit lys er tent som ikkje kan slukkast, og ingen ting kan skilje oss frå Guds kjærleik.
God advent !