Mellom møkk og høy

- Korleis hadde foreldra det i ein stall som nok ikkje var særleg romantisk?  Det spør bispedømerådsleiar Inger Helene T. Nordeide om i den tredje adventshelsinga frå Bjørgvin bispedømekontor.

Korleis er det å vogge sin nyfødde ute på eit jorde? Foto frå bispedømerådsleiaren si julekrubbe. Foto:Inger Helene T. Nordeide

Vi har henta fram lys og pynt, tradisjonar, minne og stemningar. Det er mørkt ute no, dagslyset er knapt innom nokre midtstilte timar kvar dag. Alt i menneskesinnet vert forsterka i denne tida mot jul. Vi gler oss og vi gret, vi samlast og vi saknar.
Det romantiske skjæret i juleforteljinga trur eg treff dei fleste av oss. Kven kan eigentleg stå seg mot ei slik forteljing? Dei to unge på reise, stjerna, englesongen og det nyfødde barnet. Elementa gjer inntrykk. Vi set fram julekrubba, og det tar tak kvart einaste år dette som verkeleg skjedde!
Det er likevel påfallande lite romantikk i at barnet ikkje får anna vogge enn ei krubbe i ein stall mellom dyr, høy og møkk. Faremomenta var mange, både stivkrampe og kong Herodes var overhengane trugsmål for ein liten kropp, ny i verda. Og så desse to foreldra då, kjære vene….
Korleis hadde dei det, der dei vogga sin nyfødde ute på eit jorde? Rett nok under ein stjernehimmel, men likevel.
Hans Johan Sagrusten har teikna eit litt annleis riss av både det nære og det store i den kjende forteljinga, kalla:

«Ho voggar han»

Det lyser over byen frå ei stjerne
I Betlehem har alle gått til ro
men Josef og Maria, desse to
er komne hit til byen frå det fjerne.
No sit dei med ein nyfødd dei skal verne.
Maria hugsar engelen som sto
og sa at Herrens tenar, det var ho
og inst i hjarta ville ho det gjerne.
Men utanfor er mørke vinternatta
og der Maria ligg på Josefs arm
og voggar vesle guten, held han varm,
der spør ho kanskje: «Kven kjem til å fatta
at barnet som eg vermer mot mi hud
er sendt frå himmelen og Son til Gud?»

Velsigna advent!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"