Magnus Brostrup Landstad laga den første norske salmeboka i 1870, med det vart han ein sentral person i nasjonsbygginga av Noreg på 1800-talet. Landstad var – som Ivar Aasen – opptatt av å utvikle norsk skriftspråk – som ein del av lausrivinga frå det danske.
I 1825 kom han som ung teologistudent til Gran, som huslærar for rittmeister Berg på Næs. Her møtte han prost Lassen si dotter Wilhelmine, som han seinare vart gift med. Han vart etter kvart sokneprest i Seljord i Telemark og andre stader – og mykje anna.
Landstaddagane og Olavsseminaret har i år gått saman og skipar til eit Landstadseminar. Det vert salmar og salmesong, foredrag om Landstad og Olavstradisjonen, om fornying av salmetradisjonen og om kor mykje salmane har hatt å seie for bygging av tru, kultur og samfunn her i landet. Det vert historier frå Landstad si tid på Gran og i Telemark, gudsteneste (med Landstadsalmar) i Tingelstad gamle kyrkje (St. Petri) og vandring til Sølvsberget.
PROGRAM
Programmet går over tre dagar. Det er råd å vere med på alt eller berre ein av dagane.
Fredag 28. august
Fredag ettermiddag/kveld er det eit program med lokalt tilsnitt, om Landstad si tid på Hadeland. Det vert kåseri, allsong og tekstar av Landstad. Kyrkjekoret tek del.
Laurdag 29. august
Laurdag vert det eit seminar i Mariakyrkja frå klokka 11.00 til 16.00 (registrering frå 10.30). Her vil det vere foredrag, musikk og salmesong, med Iver Kleive, Erik Hillestad, Vigdis Øystese, Arne Bugge Amundsen og Kristin Gunleiksrud Raaum.
Det vert matpause midt i og litt mat før vi får ein konsert med Iver Kleive i Mariakyrkja frå klokka 18 til 19.
Søndag 30. august
Søndag er det gudsteneste i Tingelstad gamle kyrkje klokka 11.00. Under gudstenesta syng vi sjølvsagt Landstadsalmar.
Og etterpå er det høve til å gå turen til Sølvsberget, der Magnus og Mina i si tid sverma.
Påmelding og meir informasjon:
Meir informasjon om påmelding, overnatting, pris og meir til kjem snart på plass.
Arr.: Nasjonalt Landstadsenter, Hamar biskop, Kirken i Gran, Hadeland Kirkeakademier og Norske Kirkeakademier.
