Ideen om svevende orgelpiper kom fra oven

- Eg har eit sterkt ønske om at installasjonen iverksetjer lytting; at når nokon kjem så løfter dei blikket opp. Det er noko eg trur er positivt i alle sitt liv, seier Matias Askvik, som er klar for opning av lydinstallasjonen sin utanfor Johanneskyrkja på Kulturnatt Bergen.

Publisert:

Matias Askvik tester ut dei gamle orgelpipene (t.h.). Han hadde med seg festivalsjef for Bergen kirkeautunnale, Kjetil Almenning, på ein runde for å sjå at alt var på plass før opninga fredag 12. september.
Matias Askvik tester ut dei gamle orgelpipene (t.h.). Han hadde med seg festivalsjef for Bergen kirkeautunnale, Kjetil Almenning, på ein runde for å sjå at alt var på plass før opninga fredag 12. september.
"Innsiden ut" er navnet på ein lydinstallasjon som består av gamle orgelpiper frå Leikanger, og gjenbrukte trekkerød, og reverserte støvsugarar som blås lyd i pipene. Den er no på plass i trea rett ved Johanneskyrkja. Offisiell opning blir på Bergen kulturnatt fredag 12. september kl. 18, og verket blir hengande heile veka med Bergen kirkeautunnale, med lyd mellom 12 og 20 kvar dag.

Orgelpiper i byte mot speling

Ung mann foran tre i bybildet. Foto.
Matias Askvik, presteson, kunstnar, bakar, musikar og scenograf.

 

- Kva er det du har installert? 

- Det er akkurat det du ser. Det er orgelpiper som er tatt ut av orgelet i Leikanger kyrkje. Dei blei tatt ut av orgelet då dei bytta orgel, og lagra på eit stabbur i Leikanger i mange år, fortel Matias.  

Ideen kom frå oven, som eit indre bilete, mens han jobba som kyrkjetenar, og gjekk på akademiet for scenekunst.
 
- Eg fekk desse orgelpipene mot at eg lova å spele bass i kyrkja i påska så lenge pappa var prest, fortel Matias, som først og fremst presenterer seg som presteson, deretter kunstner, scenograf, musiker og baker.
 
I tillegg til orgelpipene har han brukt resirkulerte trekkerør, som heng i ulike fargar. 

- Grunnen til det er ein blanding av lavt budsjett og at eg hadde lyst på noko som braut med dei flotte orgelpipene hengt opp i trea, og ikkje nødvendigvis var så veldig vakkert.  
Svevande orgelpiper, og fargerike trekkerør i trær. Foto

Få føringar og individuelle opplevingar

Først såg han for seg installasjonen innandørs. Han gjekk då på akademiet for scenekunst, med ein veldig god rettleiar som heiter Andrey Bartenev, ein russisk performancekunstnar. Han gav Matias ideen om å henge opp orgelpipene i trær ute.  
 
No har installasjonen vore vist fleire stader, men for første gang i forbinding med eit kyrkjebygg.
 
- Det er veldig gøy å stille ut her, for her får det alle typar lyttarar, både dei som høyrer, sjølv om dei ikkje legg merke til det, og dei som legg merke til det, men som berre går rett gjennom området. Og så har du dei som går rundt her og gjerne set seg ned.
Folk som går ute, installasjon heng opp i trær. Foto.
Han er veldig glad i verk som er heilt utan føringer, med minst mogleg forklaring på kva det er, der folk får oppleve verket på eiga hand.
 
- Eg har eit sterkt ønske om at installasjonen iverksetjer lytting; at når nokon kjem så løfter dei blikket opp. Det er noko eg trur er positivt i alle sitt liv. Heve hovudet, og sjå litt oppover!
 

Opning på kulturnatt  

Velkommen på kulturnatt ved og i Johanneskyrkja, med turar opp i kyrkjetårnet både ute (i stillaset!) og inne, konsertar, miniforedrag og skattejakt for dei minste. Det er eit samarbeid mellom Bergen domkirke menighet, Bergen Kirkeautunnale, Kulturnatt og Akasia. 
 
For aller første gang åpnar vi tårnet utvendig for publikum, og inviterer til nydelig utsikt og nærkontakt med kyrkjetårnet i høgda. Det blir også konserter, skattejakt for barna, tur opp til klokketårnet fra innsiden. 
 
Andre kirker i Bergen sentrum har også åpent denne kvelden. Det er konsertar i Mariakirken og Korskirken, og i Bergen domkirke blir det orgelmusikk og høytlesning med forfatterne Vivian Midttveit og Nicholas Møllerhaug. Les mer: Kulturnatt i Bergen Domkirke i Bergen domkirke | Skjer i kirken 
 
 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"