Ny bryllaupsrekord: Over 400 par gifta seg på drop-in i kyrkja

Hurra for kjærleiken! Rekordmange par gav kvarandre sitt ja i kyrkja på valentinsdagen. I Bergen tok vi i mot 7 par i Birkeland og 11 i Mariakirken.

Publisert:

Eit av dagens over 400 par. Desse sa ja i Mariakirken i Bergen. Foto: Gyrid Cecile Nygaard
Eit av dagens over 400 par. Desse sa ja i Mariakirken i Bergen. Foto: Gyrid Cecile Nygaard

– Ein veldig, veldig fin dag, seier Sheeba Irudayam som er prest i Mariakirken i Bergen. Ho var ein av dei tre prestane som via par på valentinsdagen i sentrumskyrkja. 

Det var første gang Mariakirken arrangerte drop-in-bryllup, mensdet var 13 par som kom til Birkeland i 2025.

Ei foreløpig oppteljing viser at 426 par gifta seg i Den norske kyrkja på valentinsdagen. I fjor var det 277 par denne dagen, og det er dermed ny rekord.

Eit drop-in-bryllup er eit heilt vanleg kyrkjebryllaup, men i litt enklare rammer - og med mulighet for å droppe innom om ein har på plass prøvingsattesten.

God stemning og låge skuldrer

Sheeba Irudayam fortel om ein veldig fin dag i kyrkja, og saman med sokneprest Bjarte Nese tenkjer dei at dei gjerne inviterer til drop-in-bryllup igjen.  

– Det var god stemning og låge skuldrer. Det var gjevande på mange måtar, og det er flott at kyrkje er open og tilgjengeleg for folk på ein slik dag. 

Ho fortel at alle brudepara kjem til kyrkja med sine ulike historier.

– Dei har teke eit reflektert val om å gifte seg. Det er vakkert å få lov å vere med på. Nokre par kom åleine, og hadde dermed bruk for vitner, og då stilte kyrkja opp! Det seier noko om det utvida fellesskapet vårt, seier Irudayam. 

Valentindsagen var også ei feiring der mange frivillige var involvert, også i Mariakirken i Bergen. 

– Vi hadde med fleire frivillige gjennom dagen som ordna med kaffi og kaker, og vi hadde aldri klart oss utan dei, konkluderer Irudayam. 

Alltid mogeleg med ein enkel seremoni

Etter valentinsdagen i fjor gjennomførte Norstat ei undersøking for Den norske kyrkja. Blant ugifte i alderen 30–55 år, svarte 12 % at dei kunne vurdert å gifte seg på drop-in.

Det må heller ikkje vere valentinsdag og drop-in for å kunne gifte seg på ein enkel måte.

Det er alltid mogeleg å kontakte kyrkjekontoret for om å ha ein litt enklare seremoni, det treng ikkje alltid stivpynta med mange gjester. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"