Ny kantor i Søreide kirke

Per Inge Hove er nytilsett musikalsk ansvarleg i Søreide kirke. Den sindige sogningen vil få hjula i gang igjen og få folk tilbake på dei faste innslaga i kyrkja. Her kan du lese intervjuet frå kyrkjelydsbladet Refleks.

Ny kantor i Søreide kirke

Planen til Per Inge var å bli jazzpianist, og dette studerte han til på Griegakademiet i Bergen. Då storebroren døydde brått, tenkte han at han måtte stikke fingeren i jorda og finne ut kva som eigentleg er viktig i livet. Då landa han på at å være organist i ei kyrkje var ein god idé. Då fekk han fast inntekt og kunne samstundes leve som musikar. Medan han fortsett studerte, fekk han eit engasjement i Sandviken kirke. Etter så å ha studert komposisjon i to år, byrja han fast som kantor, først på Osterøy deretter i Fana og Ytrebygda, og frå mai i år hjå oss i Søreide kirke. 

- Kva likar du med å jobbe i kyrkja? 

- Det er ein variert jobb. Ein føler ofte at ein gjer noko som betyr noko for andre, og det er jo ein fin ting. Eg hadde aldri tenkt at eg skulle bli kantor, men sidan eg kjem frå ein prestefamilie, var det ikkje ein heilt framand tanke. 

Per Inge er ein allsidig musikar med bakgrunn i mange ulike band og grupper. Både då han gjekk på musikklinja på Firda gymnas i Nordfjord og som student på Grieg-akademiet i Bergen, var han med i mange ulike konstellasjonar, alltid på tangentar. Han var med i jazzband, visegrupper og rockeband. Etter ei tid kom han inn i folkemusikkmiljøet og turnerte rundt i heile Hordaland og Sogn og Fjordane med fylkeskommunen. Sjølv seier han at han aldri har vore den mest rocka, sjølv om han har turnert i telt på festivalar i Finnskogane og ymse andre stader. 

- Kva legg du i det, at du ikkje er den mest rocka fyren? 

- Nei, eg trur eg er ein ganske normal fyr. Ganske roleg og ikkje særleg utagerande. Men ein kan jo vere streit og spele i band likevel. 

- Korleis ser du for deg at jobben din i Søreide kirke skal vere? 

- Eg håpar det blir variert. Og så er det viktig for meg å ha ei skilleline mellom arbeid og fritid. 

- Kjem du til å halde solokonsertar i Søreide kirke med tida? 

- Ja, det må vi få til. No skal eg bruke dette året på å få hjula i gang igjen. Det handlar om at eg skal komme inn i stillinga og bli kjend med korleis ting fungerer, og så handlar det om å få ting opp å gå igjen etter pandemien. Eg er opptatt av at det skal vere bra kvalitet på det vi gjer slik at folk kjem fordi dei vil ha det med seg. Det treng ikkje være slik at ein går i kyrkja berre fordi det er noko ein gjer, men fordi det er så bra at ein ikkje vil gå glipp av det. Å prøve å få opp igjen det daglege er veldig viktig, og så kan vi heller halde konsertar etter kvart. Nokre organistar er opptekne av at no må vi ha mange konsertar for å vise at no skjer det ting, men eg meiner at vi først må arbeide for at folk skal komme tilbake på vanlege ting som gudstenester og trusopplæringstiltak. Om eg har ein kjepphest må det vere det; å få det grunnleggjande så bra som mogleg. 

---- ---- ---- 

Seks kjappe: 

- Dersom du skulle vakne kvar dag til same song resten av livet, kva song skulle det ha vore?  

- Oi, det var vanskeleg! Då eg gjekk på vidaregåande spelte P3-morgen «Ghetto Superstar» kvar morgon til same tid. Det var ganske bra å vakne til den, men eg er ikkje sikker på at eg ville vald den songen no. Det måtte vore ein gladlåt, kanskje noko av det amerikanske bandet Wilco?  

- Kva filmar og seriar likar du? 

- Eg er ekstremt glad Poirot og sånt, det er koseleg. Engelsk krim. Og Sopranos. Og MASH, det trur eg er det har sett mest av alt. 

- Favorittbok utanom Bibelen? 

- Det er vanskeleg å velje, eg les ganske mykje, rundt 40 bøker i året. Eg blei ferdig med «Lucias siste reise» av Vetle Lid Larsen i går. Den var heilt grei. Eg er ganske altetande. Skal eg trekke fram ein forfattar, må det bli finske Kjell Westö.  

- Kor mange desiliter kaffi drikk du på ein dag? 

- No er eg nok nede i rundt ti, altså cirka ein liter. Det har vore oppe i det dobbelte, då barna var mindre og det var mykje nattevaking og slikt, då vart det gjerne åtte-ti koppar på ein dag. 

- Favorittmat? 

- Det er eit eller anna sauebasert, i og med at eg er oppvaksen på ein sauegard. Kanskje pinnekjøt? Lammeskank, smalahåve, alt frå sau er godt, men pinnekjøt er nok favoritten. 

- Dersom du måtte velgje – aldri meir ete pinnekjøt eller ete det kvar dag i fire månader, kva ville du vald? 

- Då hadde eg ete det kvar dag. Lett. Eg hadde kanskje blitt litt lei, men eg hadde klart det. 

 

Tekst og foto: Geir Endre Kristoffersen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"