Ei grønare kyrkje

Bispedømmerådet ønsker å sette fart på klimaengasjementet. Eit eige utval er satt til å jobbe med saka.

Ei grønare kyrkje

Torsdag 24. november hadde utvalget for Grøn kyrkje første møte. Der blei det bestemt at vi skal arbeide vidare med desse konkrete oppgåvene:

  • Korleis kan fleire menigheter bli grøne menighetar?
  • Gje innspel og råd til feiring av den gudstenesta i lutheråret 2017 som har fått overskrifta: Skaparverket er ikkje til sals!
  • Undervisning for barn/unge om klima- og miljøspørsmål.

På same møtet hadde vi også eit seminar om klimameldinga som er utarbeidd for Den norske kirke, og korleis vi kan gå vidare slik at vi blir ei klimavenleg kirke. Seminaret vart halde av rådgjevar i Kirkerådet som har med klima- og miljøspørsmål å gjere, Hans Jürgen Schorre. Vi fekk ein nyttig samtale om utfordringane. M.a. konstaterte vi at det er berre 8 grøne menigheter i bispedømmet og at berre to organ (bispedømerådet og Hammerfest fellesråd) er sertifisert som miljøfyrtårn.

Innspela frå ungdomsrådet vart lagt serleg merke til. Ungdommens kirketing som var samla i oktober – 60 unge frå heile bispedømmet – har laga ei heil liste av tiltak slik at vi kan bli meir medvete om korleis vi skal ta vare på miljøet. 3 områder er peika ut: Søppelsortering, lys/straum og transport. Ifølge leiar i ungdomsrådet Oda Mortensen er det mange utålmodige unge som venter at kirka skal gjere meir for miljøet.  

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"