Vigsel 2017 - Nynorsk

Vedteke av Kyrkjemøtet 2017, 30. januar Liturgien vil finnast trykt i mai 2017. Det kan då verta nokre mindre endringar i teksta

Du kan og lasta ned "Vigsel 2017" (nynorsk) som PDF

ORDNING FOR VIGSEL 2017

Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga i form av musikk eller høgtlesing, eventuelt kombinert med at det vert tent ljos i ljosgloben. Blant dei kulturelle innslaga kan det òg opnast for element som understrekar den etniske bakgrunnen til brudeparet. Der den eine parten tilhøyrer eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan det etter godkjenning av biskopen opnast for deltaking frå vedkomande kyrkjesamfunn. Både når det gjeld medverknad frå andre kyrkjesamfunn og kulturelle innslag, skal desse tilpassast den gudstenestlege karakteren til vigselshandlinga og ikkje bryta med trusgrunnlaget i Den norske kyrkja.

Innslag som kjem som tillegg til liturgien, kan plasserast etter ledd 9 Forbøn. 

Der namna skal nemnast, kan ein bruka fullt namn eller fornamn, etter det som er naturleg i det einskilde tilfellet. I spørsmåla under ledd 7 Ekteskapsinngåing skal det brukast fullt namn.

1 Preludium/Inngang

Orgelmusikk eller annan høveleg musikk til preludium/inngang.

Dei som skal verta vigde kan gå saman fram til koret og setja seg på plassane sine.

Dersom det er ønskjeleg, kan paret, ein eller båe, forlovarar, representant(ar) for familiane, liturg og andre gå inn i kyrkja i prosesjon. 

Deretter kan det framførast høveleg vokal- eller instrumentalmusikk.

2 Inngangsord

Anten A

L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.

Eller B

L Nåde vere med dykk, og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

Eller C L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande: Vår skapar, frigjerar og livgjevar.

Deretter kan ein ønskja paret og bryllaupsfølgjet velkomne med desse eller liknande ord:

L Kjære (namnet vert nemnt) og (namnet vert nemnt).

De er komne hit til (kyrkja vert nemnd) for å inngå ekteskap. Vi er samla her for å gleda oss med dykk. Vi skal høyra løfta dykkar til kvarandre og be om Guds velsigning over dykk og over heimen dykkar.

Deretter kan liturgen seia:

Anten A

L Takk Herren, for han er god, evig varer hans miskunn. Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!  Sal 118,1.24

Eller B              

L Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han. 1 Joh 4,16b

3 Salme

4 Skriftlesing

L Gud har skapt oss i sitt bilete  til å leva i samfunn med seg og med kvarandre. Ekteskapet er Guds gode gåve.  Å leva saman som ektemakar er å leva i tillit og kjærleik,  dela gleder og sorger  og trufast stå attmed kvarandre livet ut.

Det står skrive i Salmane:

Kor verdfull din kjærleik er, Gud! I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly. Dei får nyta overfloda i ditt hus, du lèt dei drikka av gledebekken din. For hos deg er livsens kjelde, i ditt lys ser vi lys.  Sal 36,810

Lat oss høyra kva Guds ord seier om kjærleik og truskap: 

Kled dykk difor i inderleg medkjensle  og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige,  så de ber over med kvarandre  og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.  Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik,  det bandet som bind saman og gjer fullkomen. Kol 3,12b-14

L Lat oss vidare høyra frå Guds ord.

2-4 bibeltekstar (sjå under «Skriftlesingar til Vigsel 2017» lengre ned i dokumentet, eller bruk andre høvelege skriftlesingar, minst éi frå kvart av dei to testamenta.)

Skriftlesingane kan lesast av medlemmer av bryllaupsfølgjet.

Dei som skal lesa, går samla fram til lesepulten.

Paret som skal verta vigde og kyrkjelyden sit under lesinga.

Siste lesinga vert avslutta med: Slik lyder Herrens ord.

Her kan følgje

5 Salme

Salmen kan erstattast av høveleg vokal- eller instrumentalmusikk.

6 Tale

Liturgen held ein tale over eit av dei skriftorda  som er lesne under ledd 4 eller over ein annan høveleg tekst.

7 Ekteskapsinngåing

L Kom no fram til Herrens altar, så vi kan høyra løfta dykkar til kvarandre og be om Guds velsigning over dykk  og over heimen dykkar.

Paret (P) går fram til altarringen. Liturgen vender seg  til den som står til venstre, som svarar først.

Deretter følgjer

Anten A

L For Gud vår Skapars åsyn og i nærvere av desse vitna spør eg deg, (det fulle namnet utan tittel): Vil du ha (det fulle namnet utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?

Svar: Ja.

L Vil du elska og æra henne/han/NN  og vera trufast hos henne/han/NN  i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?

Svar: Ja.

L Like eins spør eg deg, (det fulle namnet utan tittel):

Vil du ha (det fulle namnet utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?

Svar: Ja.

L Vil du elska og æra han/henne/NN  og vera trufast hos han/henne/NN i gode og vonde dagar  til dess døden skil dykk åt?

Svar: Ja.

L Så gjev kvarandre handa på det.

Paret vender seg mot kvarandre og gjev kvarandre høgre handa. Liturgen legg handa si på hendene til paret.

L For Guds åsyn og i nærvere av desse vitna har de no lova kvarandre at de vil leva saman  i ekteskap, og gjeve kvarandre handa på det. 

Difor gjer eg kunnig at de er rette ektefolk.

Eller B

L For Gud vår Skapars åsyn og i nærvere av desse vitna spør eg deg, (det fulle namnet utan tittel): Vil du ha (det fulle namnet utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?

Svar: Ja.

L Like eins spør eg deg, (det fulle namnet utan tittel til den som står til høgre for liturgen): Vil du ha (det fulle namnet utan tittel til den som står til venstre for liturgen), som står attmed deg, til ektemake?

Svar: Ja.

L Gjenta no etter meg.

Paret vender seg til kvarandre. Dei gjev kvarandre høgre hand  og vert ståande slik medan dei gjev løftet. 

Liturgen les løftet ledd for ledd, deretter seier paret det fram, den eine først.

L Eg tek deg (namnet vert nemnt) til ektemake. P Eg tek deg (namnet vert nemnt) til ektemake.

L Eg vil elska og æra deg P Eg vil elska og æra deg

L og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar P og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar

L til dess døden skil oss åt. P til dess døden skil oss åt.

Deretter vert løftet teke opp att på same måten av den andre. Liturgen legg handa si på hendene til paret.

L For Guds åsyn og i nærvere av desse vitna har de no  lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap,  og gjeve kvarandre handa på det. 

Difor gjer eg kunnig at de er rette ektefolk.

Her kan følgja

8 Overrekking av ringar

Anten A

L Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet om truskap.

Kvar av dei set ringen på fingeren til den andre.

Eller B

L Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet de har gjeve kvarandre. Gjenta etter meg.

Liturgen les orda ledd for ledd, deretter seier paret dei fram, den eine først.

L (Namnet), eg gjev deg denne ringen P (Namnet), eg gjev deg denne ringen

L som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap. P som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap.

Ringen vert sett på fingeren til den andre. Deretter vert overrekkinga teken opp att på same måten av den andre ektemaken. 

9 Forbøn

L Lat oss alle be.

Ekteparet kneler ved altarringen.

Liturgen ber for ekteparet, med handspålegging, ei av dei følgjande bønene, og avsluttar med Fadervår.

Eventuelt kan også andre i følgjet delta i forbøna med handspålegging.

I

Anten A

L Miskunnsame Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt) og NN og (namnet vert nemnt) og ekteskapet deira: Lat di velsigning kvila over dei som her kneler for ditt andlet.

Fyll dei med din kjærleik, og bygg heimen deira i fred.

Sjå til dei i nåde, og styrk dei med din Ande, så dei i gode og vonde dagar set sin lit til deg, held trufast saman og hjelper kvarandre fram mot det evige livet.

Eller B

L Gode Gud, vi takkar deg for (namnet vert nemnt) og (namnet vert nemnt) og for deira kjærleik til kvarandre. Velsign livet deira som ektefolk. 

Hjelp dei å halda dei løfta dei har gjeve kvarandre, så ekteskapet deira kan fyllast av tillit, omsut og glede.

Gjev dei evne og vilje til å byggja heimen sin i fred, så den vert ein stad der [born kan veksa opp i tryggleik og] familie og vener kan finna fellesskap.

Du som er vegen, sanninga og livet, lat dei få vandra i di sanning. Du som tilgjev og lækjer, hjelp dei å tilgje kvarandre. Du som er kjærleikens kjelde, gjev dei og alle ektefolk å veksa og modnast i kjærleik.

II

Her kan ein føya til ei fritt utforma bøn, eventuelt kombinert med ljostenning.

Eventuelt kan kyrkjelyden syngja ein bønesalme (medan ekteparet kneler). Sjå til dømes Norsk salmebok 2013 nr. 431,624, 638, 652, 653, 678, 680.

III

L Lat oss saman be Fadervår.

Anten A

Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.

Eller B

Fader vår, du som er i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød.
Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn.
Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.

Ekteparet set seg på plassane sine.

Her kan følgja

10 Musikk/symbolhandlingar

Deltakarar i bryllaupsfølgjet og andre kan medverka med musikk,  høgtlesing eller andre kulturelle innslag.

11 Salme

12 Velsigning

Anten A

L vend mot kyrkjelyden  Lat oss prisa Herren.

Kyrkjelyden reiser seg

Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja.

L   Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.

Amen. Amen. Amen.

Eller B

L   vend mot kyrkjelyden Ta imot velsigninga.

Kyrkjelyden reiser seg.

L Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.

K Amen.

13 Utgang

Orgelmusikk eller annan høveleg musikk. Ekteparet går saman ut or kyrkja.

Skriftlesningar til Vigsel 2017:

Valfrie tekstar i Vigsel 2017:

1. Det står skrive i Første Mosebok: Og Gud skapte mennesket i sitt bilete,  i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei:  «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk!» 1 Mos 1,27-28a

2. Det står skrive i Første Mosebok:Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.» 1 Mos 2,18

3. Det står skrive i Ruts bok: Der du går, vil eg gå,  og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk,  og din Gud er min Gud. Der du døyr, vil eg døy, og der vil eg bli gravlagd. Rut 1,16b-17a

4. Det står skrive hos Forkynnaren: Det er betre å vera to enn éin, Dei får god løn for sitt strev. For om dei fell, kan den eine hjelpa den andre opp. Om éin blir overvunnen, kan to halda stand. Ein tretvinna tråd slitnar ikkje så fort. Fork 4,9-10a.12

5. Det står skrive i evangeliet etter Matteus: Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei som mann og kvinne og sa: ‘Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp’? Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.» Matt 19,4-6

Desse tekstane vert vidareførte frå 2003-liturgien:

A   Det står skrive i Salmane:

Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko.
Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile.
Han gjev meg nytt liv. Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld.
Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt.
For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
Du dukar bord for meg framfor mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje. Mitt beger renn over.
Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider.
Sal 23

B    Det står skrive i Salmane:

Den som sit i skjul hos Den høgste og finn nattely i skuggen av Den veldige, han seier til Herren: «Mi tilflukt og mi borg, min Gud som eg set mi lit til!» Under hans venger kan du søkja ly, med fjørene dekkjer han deg. Hans truskap er skjold og vern. «Du, Herre, er mi tilflukt.» Den høgste har du gjort til din bustad.

Sal 91,1-2.4.9

C   Det står skrive i Salmane:

Rop med jubel for Herren, all jorda! Ten Herren med glede, kom fram for han med jubel! Kjenn at Herren er Gud!Han har skapt oss, vi er hans, vi er hans folk og den flokken han gjeter.
Kom gjennom portane hans med takkesong, inn i føregardane med lovsong! Lov han, velsign hans namn! Herren er god, evig er hans miskunn, hans truskap varer frå slekt til slekt.
Sal 100

D   Det står skrive i Salmane:

Velsign Herren, mi sjel! Alt som i meg er, velsign hans heilage namn.
Velsign Herren, mi sjel! Gløym ikkje alt det gode han gjer.
Han tilgjev all di skuld og lækjer alle dine sjukdomar.
Han friar ditt liv frå grava og kronar deg med miskunn og kjærleik.
Han mettar ditt liv med det gode, du blir ung att som ørna.
Sal 103,1-5

E    Det står skrive i Høgsongen:

Kjærasten liknar ein gasell, ein ung hjort. Der står han bak muren vår. Han gløtter inn gjennom vindauga, kikkar inn gjennom gitteret. Kjærasten tek til orde og seier: Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom! Mi due i fjellkløfta, i livd under bratte berg, lat meg få sjå deg, lat meg få høyra røysta di! For røysta er mjuk og skapnaden vakker.
Høgs 2,9-10a.13b-14

F    Det står skrive i Høgsongen:

Denne lesinga kan verte lest av ein tekstlesar eller av kvinne (I) og mann (II).

Høyr, det er kjærasten, der kjem han, springande over fjell, hoppande over haug. Kjærasten liknar ein gasell, ein ung hjort. Der står han bak muren vår. Han gløtter inn gjennom vindauga, kikkar inn gjennom gitteret. Kjærasten tek til orde og seier:

II Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom! No er vinteren over, regnet er forbi, det er borte. Landet blir dekt av blomar. Songtida er her, turteldua kan høyrast i landet. Frukta på fikentreet mognar, og blomen på vinstokken angar. Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom! Mi due i fjellkløfta, i livd under bratte berg, lat meg få sjå deg, lat meg få høyra røysta di! For røysta er mjuk og skapnaden vakker.

I Kjærasten er min, og eg er hans, han som gjeter mellom liljene.Heilt til dagen blæs skuggane bort, spring som gasellen, kjærasten min, som ein ung hjort over kløfter og fjell!

I/II Set meg som eit segl på hjartet ditt, eit stempel på armen din! For kjærleiken er sterk som døden, lidenskapen ubøyeleg som dødsriket. Han brenn som logande eld, ein Herrens loge. Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken, elvar skyl han ikkje bort. Høgs 2,8-14.16-17 + 8,6-7a

G   Det står skrive i Høgsongen:

Set meg som eit segl på hjartet ditt, eit stempel på armen din! For kjærleiken er sterk som døden, lidenskapen ubøyeleg som dødsriket. Han brenn som logande eld, ein Herrens loge. Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken, elvar skyl han ikkje bort. Høgs 8,6-7a

H   Det står skrive i evangeliet etter Matteus:

De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att?
Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.
De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast.
Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!
Matt 5 13-16

I        Det står skrive i evangeliet etter Matteus:

Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.
Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?
Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?
Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks!
Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk:
Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.
Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia:
‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’
For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.
Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.
Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.
Matt 6,25-34

J         Det står skrive i evangeliet etter Matteus:

Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.
Matt 7,7-8.12

K     Det står skrive i evangeliet etter Matteus:

Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

Matt 7,24-25

L       Det står skrive i evangeliet etter Johannes:

Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.» Joh 13,34-35

M   Det står skrive i evangeliet etter Johannes:

Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!
Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik.
Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkomen.
Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.
[Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min. De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!] Joh 15,9-12[-17]

N    Det står skrive i Paulus’ brev til romarane:

For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. Rom 8,38-39

O   Det står skrive i Paulus’ første brev til korintarane:

Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. Om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.
Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då har eg ingen ting vunne. Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. Kjærleiken tek aldri slutt. Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, ta ende. Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn. Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege. No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet.
No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken. 1 Kor 13

P     Det står skrive i Paulus’ brev til efesarane:

Difor bøyer eg mine kne for Far, han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord. 
Må han som er så rik på herlegdom, styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande. Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik. Må de saman med alle dei heilage få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå.
Må de bli oppfylte med heile Guds fylde! Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus gjennom alle slekter og i alle æver! Amen.
Ef 3,14-21

Q   Det står skrive i Paulus’ brev til filipparane:

Om det no er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden, om det finst medkjensle og miskunn, så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinn. Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre. Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
Fil 2,1-5

R    Det står skrive i Paulus brev til filipparane:

Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus. Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det! Fil 4,4-8

S      er obligatorisk tekst i Vigsel 2017:

Det står skrive i Paulus’ brev til kolossarane:

Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige, så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for.
Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre. Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen. Kol 3,12b-14

Bibeltekstane er henta frå Bibel 2011, © Det Norske Bibelselskap

Allmenne føresegner

1. Ekteskap vert inngått ved at to personar offentleg, i nærvere av vitne og for godkjend (borgarleg eller kyrkjeleg) styremakt, gjev løfte til kvarandre om at dei vil leva saman i ekteskap, og at dette vert sagt offentleg gyldig.

2. Giftarmål etter den ordning kyrkja har, har både ei juridisk og ei kyrkjeleg side. Den handlinga som er ekteskapsstiftande etter lovgjevinga i samfunnet, vert utført for Guds åsyn, og er difor ei kyrkjeleg handling av gudstenestleg karakter. Enkeltelement ved handlinga, som musikk, opplesing og andre innslag må få si form i samsvar med dette.

3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

4. Før handlinga har den som skal forretta – eller unntaksvis ein annan på vegner av denne – ein samtale med paret som skal verta vigde.

5. Salmar og songar må føreåt godkjennast av forrettande prest og det musikalske stoffet av kantor/organist.

6. Vigsel som står føre, kan gjerast kjend på førehand i kunngjeringane ved ei gudsteneste, og paret kan takast med i forbøna.

7. Dersom ein vil feira Bryllaupsmesse, følgjer ein anten Vigselordninga til og med siste salmen. Denne vert då salme før nattverden, etterfølgd av ei av nattverdordningane i Gudstenesteboka. Eller ein kan følgja Ordning for hovudgudsteneste. Inngangsorda i vigselordninga erstattar då inngangsorda i hovudgudstenesta og punkt 4 i vigselordninga erstattar lesingane i hovudgudstenesta. Ei av lesingane skal vera ei evangelielesing. Ledda Ekteskapsinngåing og Overrekking av ringar kjem på plassen til kunngjeringane, og leddet Forbøn vert erstatta av forbønsdelen i hovudgudstenesta. 

Ein gjer kjent i Inngangsorda at det skal feirast bryllaupsmesse, til dømes slik:

L Kjære (namnet vert nemnt) og (namnet vert nemnt). De er komne hit til (kyrkja vert nemnt) for å inngå ekteskap. Vi er samla her for å gleda oss med dykk. Vi skal høyra løfta dykkar til kvarandre og be om Guds velsigning over dykk og over heimen dykkar. De har òg bede om å få del i Herrens nattverd når de no byrjar livet saman som ektefolk. Vi vil difor feira denne handlinga som ei bryllaupsmesse, slik at det er mogeleg for dei som ønskjer det, å gå saman med dykk til Herrens bord på denne dagen.

8. Ektepar som har gifta seg for borgarleg styremakt, kan sidan be om forbøn i kyrkja. Sjå ordninga Forbøn for borgarleg inngått ekteskap.

9. Ein kan ringja i ca. 5 minutt før og etter vigselshandlinga.

10. Liturgen ber stola i kvitt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"