Ei fullsett Uranienborg kyrkje i Oslo tok farvel med den populære kyrkjeleiaren.
Finn Wagle var biskop i Nidaros i heile 17 år, og mange i vårt bispedøme har gode minner frå møta med han.
- Han vart godt kjend i bispedømmet, vel tatt imot og elska som ein biskop med både høgde og djupne. Han lærte sjølv noko der som han gjerne formidla vidare. Han opna for at både kyrkje og folk, i Nidaros og i heile Den norske kyrkja, kunne verte glad i det han omtalte som «Olavsarven». For Finn handla det om korleis kristen tru og liv hadde slått rot både i kyrkja og i vår kultur, sa preses Olav Fykse Tveit i sin tale ved Wagle si båre.
Pilegrimsled og økumenikk
Fykse Tveit peika på Wagles posisjon i kyrkja nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til å vere biskop i Nidaros, var han i nokre år preses (leiande biskop) i Den norske kyrkja.
Wagle var sterkt opptatt av at han var biskop i eit pilegrims-bispedøme. Det vart også viktig å understreke for preses Olav Fykse Tveit i minnetalen:
- Han bokstavleg tala gjekk opp gjengrodde stier. Han minte oss ofte om at «hele vårt liv er en vandring mot det hellige». Finn fekk fram at dette ikkje berre er Den norske kyrkjas arv, men noko som høyrer heile den økumeniske kyrkjefellesskapen til. Dette handla også om å vere eitt i Kristus. Han kunne uttale at pilgrimar ikkje «kom for å synge om Norges folk og Norges kirke ved olsok, men om Kristus og hans kirke på jord».
I dette lyset såg han Nidaros som by, bispesete og bispedømme, og ikkje minst Nidarosdomen som katedralen som skulle vere der for heile kyrkja og for nasjonen, sa Olav Fykse Tveit.
Les heile minnetalen til preses Olav Fykse Tveit her

Som biskop var Finn Wagle opptatt av økumenikk og lokalt samarbeid. Her under grunnsteinnedlegginga for Tautra Mariakloster i mai 2003. (Foto: Gorm Kallestad, NTB)
Glad i folket i Trøndelag
Dagens Nidaros-biskop, Herborg Finnset, mintes ein forgjengar som var opptatt av kulturen og folket i Trøndelag.
- Kanskje var det aller finaste at dei kunne snakke med han som ein likemann. Det er mange fortellingar om menneske som opplevde seg sett og møtt, av en biskop som dei kanskje hadde andre forestillingar om. Eg har ikkje tal på kor mange visitasar han gjennomførte. Med innlagte vandringar, fisketurar, samtalar og besøk heime hos prestene.
- Han var ein meister i å skape tankane om til ord som ga oss som hørte eller leste tru og håp, inspirasjon og retning. Kristus-sentrert forkynnelse og klar inspirasjon til tjeneste, sa biskop Herborg under minnesamværet i Uranienborg menighetshus.
Les heile talen til biskop Herborg her
Mange helsingar
Etter at nyheita vart kjent om at biskop Finn Wagle var gått bort, har det kome mange helsingar frå dei som møtte han i Nidaros.
Du kan lese nokre av helsingane her (som kommentarar til vår facebook-post):
