Leiar i den evangelisk-lutherske kyrkja i USA besøker Nidaros

Leiande biskop i den evangelisk-lutherske kyrkja i USA, Elizabeth Eaton, besøker denne veka Oslo og Trondheim.

Leiar i den evangelisk-lutherske kyrkja i USA besøker Nidaros

-Ho leiar vår søsterkyrkje i USA. Det er denne kyrkja dei fleste etterkommarar av norske innvandrar til USA høyrer til. Det er fleire generasjonar sidan, men likefullt viktig å halde saman, seier preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

Preses Olav besøkte i fjor haust søsterkyrkja i USA, men det var på møtet i Kirkenes verdensråd i Tyskland at han inviterte presiding bishop i ELCA-The Evangelical Lutheran Church in America.

Presiding bishop  i ELCA er det same som preses i Den norske kyrkja.

Samlande kyrkje

- Eg besøkte kyrkja i USA i fjor haust. Den er omtrent like stor som vår kyrkje med 3.3 millionar medlemmar spreidd over heile USA. Den leiande biskopen i den evangelisk-lutherske kyrkja i USA står midt i spenningen i landet og ho er oppteken av korleis dei skal vere ei samlande kyrkje og ei kyrkje for alle. Dette er interessant for oss. Vi blir meir og meir ei mangefasettert kyrkje, held han fram.

Biskop Eaton er kjend for å vere ein tydeleg leiar og har mellom anna tatt tak i spørsmål som gjeld rasisme og religiøs nasjonalisme.

-Ho er ein tydeleg leiar og oppteken av desse spørsmåla. Dette er spørsmål me er opptekne av også.

Europa

Preses Eaton ønska å oppleve 17.mai, så difor blei turen lagt i dette tidsrommet.

-Ho hadde høyrt om 17.mai, sjølv om ho ikkje har norske aner. No er ho i Oslo og skal feire nasjonaldagen der, før ho kjem til Nidaros og Trondheim på ettermiddagen 17.mai. I dag, 16.mai, er ho mellom anna på Slottet for å helse på Kronprinsregent Haakon.

I Trondheim skal biskop Eaton mellom anna preike i Nidarosdomen på Kristi Himmelfartsdag, 18.mai. 

- Eg ville gjerne ta ho med til Nidaros i samband med besøket i Noreg. Her skal ho møte representanter for kommunen og ordførar. I tillegg skal ho møte den katolske biskopen og besøke Tautra Mariakloster. På Kristi Himmelfartsdag skal ho preike under høgmessa i Nidarosdomen. Etter at ho har vore i Trondheim reiser me vidare til Hamar og avdukinga av statuen av biskop Rosemarie Köhn utanfor domkyrkja i Hamar, fortel preses Olav.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"