Olavsfest = folkefest i Nidarosdomen

Olavsfest er ein stor folkefest. Dette speglar gudstenestelivet i Nidarosdomen, som under Olavsfest blir eit samlingspunkt for kyrkja i Noreg. Her finn du oversikt over gudstenestene.

Olavsfest = folkefest i Nidarosdomen

 

-        Gjennom sommaren kjem pilegrimar og andre som søkjer og ønskjer å kome nærare Gud til Nidarosdomen. Men i denne perioden er det tettpakka med folk- langvegs farande og andre, fortel sokneprest i Nidarosdomen, Andreas Grandy-Teig.

Det viktigaste under Olavsfest er Olavsfeiringa 28.- 29.juli.

-        Men sjølve Olavsfest går frå 28.juli- 3.august.  Me feirar frå Olsok fram til dagen for heilagkåringa, som var 3.august året etter at Olav den heilage falt i slaget på Stiklestad. I denne perioden er det små og store gudstenester. Nokre av dei er smekkfulle, medan andre ikkje har så mange tilhøyrarar.

Under Olavsfeiringa går det kvart år to pilegrimsvandringar i Trondheim kvelden  før Olsok. Pilegrimsvandringa byrjar i kvar sin bydel og er innom kyrkjene på vegen til Nidarosdomen før dei to vandringane møtast  i Vår Frue kirke og alle etterpå  går samla til Klemenskyrkja og vidare til midnattsgudsteneste i Nidarosdomen og Olavsvaka.

-Det er ein tradisjon som vart teken opp igjen på 90-tallet her i Trondheim. Vandringa representerer den vandringa mange pilegrimar har gjort frå langt unna. Den eine vandringa byrjar frå kyrkjesenteret på Sverresborg, medan den andre byrjar ved  Lade kyrkje. Pilegrimane vandrar på ledene frå aust og vest.

Soknepresten fortel at midnattsgudstenesta er ein dei store festane.

-        Eigentleg byrjar Olavsvaka allereie kl. 17.00 i Nidarosdomen med Vesper. Det er eit heilagt og folkeleg augeblikk. Under midnattsgudstenesta får pilegrimar ordet for å fortelje om si reise til Nidaros. I tillegg blir ein av dei tilreisande biskopane til Olavsfeiringa invitert til å preike. I år skal biskop Eva Nordung-Bystrôm i Hârnôsand stift i Den svenska kyrkan preike.

Midnattsgudstenesta blir avslutta med kyrkjeyden går ut i ei open våkenatt.

-        Nidarosdomen er open gjennom natta. Du kan be i stillheit, bli bedd for av biskopane eller vere med i tidebønner gjennom natta. I år vil det vere meditativ musikk i domen gjennom natta. Det byrjar som ein fest og klinger ut i ein roleg stemning. Nokre greier å være vakne gjennom natta og er med på morgonbøna kl. 07.30. Dagen etter er det ei stor festgudsteneste, Olsok høymesse.

Familiemesse

Det er ulike gudstenester i helga knytt til Olsok.

-        Søndag blir det familiemesse og biskop i Nidaros, Herborg Finnset, skal forrette og preike. Om kvelden er det messe for heling og trøst. Ei messe som har fått stor oppslutning dei siste åra.

I tillegg skjer det små og store ting i og utanfor domen kvar dag.

-        Kvar dag er det marknad utanfor Nidarosdomen. Det er også morgonbøn kvar dag kl. 10.00 ved pilegrimsmålet, og kl. 15.00 er det kvar dag pilegrimsmesse i Kapittelhuset. Det er også Heilag Rast og nattverd i Kapittelhuset frå måndag 31.juli gjennom dagane.

På slutten av Olavsfest 3.august kjem pilegrimar frå Stiklestad med Olavselden, som tenner lysa under pilegrimsmessa denne dagen. 3.august er dagen for heilagkåringa, som skjedde året etter slaget på Stiklestad.

-        Olavselden symboliserer lyset til Olav. Pilegrimane kjem med båt til Trondheim og fraktar med seg Olavselden.

Drop-in dåp

I år blir det drop-in dåp i Kapittelhuset under Olavsfest.

-        Dette er eit lågterskel tilbod, til dei som kanskje har gått lenge og tenkt på at dei skal døype seg. Det kan vere at nokon tenkjer at høgmessa er for stor, eller ønskjer ei enkel feiring, utdjupar Grandy Teig.

Les meir: Gudstjenesteprogram

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"