Luke 13: Ragnar Hovland

"Ein trur kanskje også at englar ikkje blir eldre, men det stemmer heller ikkje. Vi er blitt eldre alle saman." Les juleforteljinga til Ragnar Hovland, som skriv om ein av dei mindre kjende englane.

Ragnar Hovland. Foto: Herborg Pedersen/Samlaget

Ragnar Hovland f. 1952 er ein kritikarrost forfattar, dramatikar og omsetjar. Han skriv for både unge og vaksne. Har vunne ein rekke prisar, som Brageprisen i 1992 for «Ein motorsykkel i natta», Kritikerprisen i 2001 for «Ei vinterreise» og Aschehougprisen i 2012 for forfattarskapet sitt.

 

Og Herrens herlegdom lyste kringom dei

Av Ragnar Hovland

 

Eg er Frank. Eg vil tru du kjenner meg. Eg er blitt eldre, men eg trur eg framleis er lett å kjenne att. Eg har mange historier eg kunne fortelje, men det er ikkje alle eg hugsar lenger. Så la meg ta den mest kjende. Eg må berre fylle opp ein ny kopp lunka kaffi. Ein vil nok gjerne tru at himmelsk kaffi må smake himmelsk, og det er vel det den gjer. Men det betyr ikkje dermed at den smaker godt.

Ein trur kanskje også at englar ikkje blir eldre, men det stemmer heller ikkje. Vi er blitt eldre alle saman. Og vi flyg ikkje så mykje rundt lenger. Ikkje som før i tida. Då måtte vi stadig bringe bodskapar. Viktige bodskapar av ymse slag. Viktige personar skulle bli fødde. Og dei litt mindre oppgåvene, som også var viktige nok. Eit lite barn som hadde forvilla seg ut på kanten av eit stup og som måtte bergast i siste liten. Ja, eg har berga mange, utan at eg har tenkt å framheve meg sjølv. Eg er berre engelen Frank, ein av dei mindre kjende englane. Mindre kjend enn Gabriel og Michael, som også er blitt eldre og held seg mest i ro. Ein dag orkar vi kanskje ikkje å bruke vengene lenger i det heile. Eg fryktar den dagen og kva som vil skje etter det. Han har ikkje sagt noko om det. Røysta Hans høyrest ikkje så ofte.

Men eg kan iallfall tenkje på at eg var med den natta då det skjedde. Utanfor den vesle byen Betlehem. Det står skrive at det skulle takast manntal over heile verda, etter påbod frå keisar Augustus. Men det stemmer sjølvsagt ikkje. Det var berre ein svært liten del av verda. Ingen kinesarar skreiv seg inn i manntalet. Ingen indianarar. Ingen russarar. Augustus kjende ikkje så mykje av verda. Det visste eg alt då.

Det var slik ein stille kveld der på betlehemsmarkene. Det var sjølvsagt før bilanes og gravemaskinenes tid. Før geværa og bombene, må ein også minne om. Det var ein eigen fred den natta, og ein lun vind bles over grastustane. Berre ein liten lyd frå sauene og den låge samtalen mellom gjetarane. Så låg at eg ikkje kunne høyre kva dei snakka om.

Han hadde kalla oss til seg tidleg på ettermiddagen, og det var noko som sa meg at det ikkje ville bli nokon middagskvil den dagen. Han såg på oss etter tur, og blikket Hans kvilte til slutt på meg. «Eg har ei oppgåve til dykk,» sa han. «Og spesielt til deg, Frank.» Eg begynte å skjelve. Det var første gong eg var blitt valt ut spesielt til oppgåver. «De skal dra til Betlehem. Der skal det skje noko heilt spesielt i kveld. Noko det vil gå gjetord om. Noko som vil forandre alt. Det skal fødast eit barn. Og det er sonen min, han som skal bli kalla Frelsaren. Det går nokre gjetarar og tuslar ute på markene der, saman med sauene sine. De skal forkynne dei denne bodskapen.» Vi såg på kvarandre. Kva var dette? «Kvifor gjetarar?» var det ein av oss som sa. «Dei er gode vitne,» sa Han. «Så, av stad no! Det er inga tid å miste.»

Eg visste kor Betlehem var, eg hadde vore der ein gong før for å ta ein alvorsprat med ein kar der. Og sjølv om det no hadde begynt å mørkne, skulle vi nok finne fram.

Og det var så stjerneklart den kvelden. Det var som stjernene hadde fått ekstra kraft og styrke, og det var spesielt éi stjerne som skilde seg ut. Vi kunne sjå alt, dei små, kvite husa, oliventrea, sauene på markene, konturane av gjetarane, røyken frå pipene deira og frå det vesle bålet. Og vengene bar oss så lett.

Det var ein eigen fred der. Ei heilt eiga stemning som berre kan opplevast éin gong.

Gjetarane såg meg lenge før eg kom bort til dei. Det lyste jo av meg. Eg såg at dei var svært redde. Dei hadde vel aldri sett nokon engel før. Eg løfte handa og sa det eg var pålagt å seie: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket! I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Og det var signalet, dei andre begynte å syngje den kjende songen: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i.»

Det var fint å høyre på og eg song litt med sjølv også.

Med dette var jobben eigentleg gjort og dei andre fór sin veg gjennom stjernenatta. Men eg fekk det føre meg at eg skulle bli litt til, når eg no først var her og det var ein slik heilt spesiell kveld. Så eg følgde etter dei fire gjetarane bortover markene, og nokre av sauene følgde også etter. Snart såg vi eit lys eit stykke borte. Lyset frå ein stall. Det var tre menneske der, ein mann (som såg ut til å ha sovna i høyet), ei ung kvinne og eit nyfødt barn i ei krubbe. Det var dyr der også. Ein okse og eit esel, eit par kyr. Ein diger hund. Og no kom nokre sauer i tillegg, som straks gav seg til å stire.

Barnet såg ut som eit heilt vanleg barn og foreldra såg ut som vanlege foreldre. Og eg tenkte det var no synd at dei måtte vere i ein stall denne natta. Men så tenkte eg at det var vel ei meining med det.

Og brått kjende eg det i heile meg, som ei skjelving, at eg var vitne til noko heilt spesielt, noko eg berre ville oppleve éin gong. Og det var som om dette barnet såg på meg og sa: «Ja, det er meg. No kan du dra heim.»

Dette er lenge sidan no, og eg er blitt gammal. Men eg tenkjer tilbake på det med glede, her eg sit med kaffikoppen min. Og av og til ønskjer eg at det kunne skje på ny. At eg blei kalla inn og fortald at eg skulle ut og forkynne ein stor bodskap. «Det er du som må gjere det, Frank. Det er berre deg eg kan stole på no.»

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"