Første sundag i advent: Kva ventar du på?

- Når vi i kyrkja feirar advent i forventning til at Jesus skal komme og skape frelse, rettferd og kjærleik på denne jorda, så feirar vi samtidig at han alt er her, at han er alt komen, seier preses Olav Fykse Tveit i denne betraktninga.

Første sundag i advent: Kva ventar du på?

Første sundag i advent: Kva ventar du på?

Advent. Eit litt høgtideleg ord. Mange snakkar om «førjulstid». I kyrkja snakkar vi om «adventstida». Det er tid for å kjøpe julepresanger og lyse opp i mørket med julepynt.

Advent er likevel noko meir, noko spesielt. Det skal bety noko i retning av: Det som kjem. Eller: Den som kjem. Og difor handlar det om: Venting og forventning.

Det er ei tid der vi spenner opp forventninga gjennom ulike symbol. Ein advensstake med fire lys. Eller ein adventskalender for barna (kanskje fleire enn dei også?) med dagleg nedtelling til jul.

I år handlar samtalane om adventstida veldig mykje om det «halvtomme glaset», om alt vi ikkje kan i år som vi elles gjer når det er denne tida. Berre 50 på konsertar – og difor vert mange av dei ikkje noko av. Det vert færre på kvar julegudsteneste. Kanskje vert det ikkje mulig å feire jul heller på den måten vi gjerne vil, med samling i familien, venneselskap osv.

Kva ventar du på? Kva er dine forventningar? Advent er ei tid til å kjenne etter på forventningar vi har i oss, ein lengsel etter noko.

Det kan vere noko konkret. Vi ønskjer oss det eine eller det andre til jul. Kanskje får vi det, kanskje har vi råd til å kjøpe oss det til oss sjølv, uansett.

Men i år kan vi være ærlege overfor kvarandre og kjenne etter at vi lengtar etter noko meir, at «alt blir bra», som det står på mange teikningar av regnbuer. Vi lengtar og ventar på at pandemien skal ta slutt, at det skal bli normalt liv igjen.

Og så vert det kanskje ikkje normalt i den tida då vi er mest glad i tradisjonar og alt som høyrer med til det. Desember i år kan verte ein vanskeleg månad for mange. Ei tid for uro, om dei har jobb til neste år, om økonomien vil vere sikra, om ein må fortsette med å halde avstand, og ikkje møtast på nok eit halvt år - eller meir enn det. Jula i år kan få oss til å kjenne på uro for framtida på så mange vis.

I kyrkja vert vi i adventstida minna på noko som er spesielt relevant i denne spesielle adventstida i år. Det går an å snu perspektivet, utan å bli lettvint. Det er ikkje sånn at alt som vi lengtar etter, ikkje er her. Eller sagt på nokså folkelig vis: Eit glas er ikkje berre halvtomt. Det er like mykje halvfullt.

Når vi i kyrkja feirar advent i forventning til at Jesus skal komme og skape frelse, rettferd og kjærleik på denne jorda, så feirar vi samtidig at han alt er her, at han er alt komen. Det kan vere ein form for oppdagelse som vi kan gjere kvar advent. Ikkje mindre i år.

Det var det som skjedde då Jesus las teksten frå profeten Jesaja i synagoga, slik vi les om det på første sundag i advent, i Lukasevangeliet (4,16-22). Den gamle profetteksten uttrykte ei forventning om ein «god bodskap for fattige …. å setje undertrykte fri … eit nådeår frå Herren». Så seier Jesus: «I dag vart dette oppfylt medan de høyrde på.» Her og no.

Det er ei veldig kraft i denne bibelteksten. Den uttrykkjer menneskets lengsler på ein veldig konkret måte. Til alle tider, også vår tid. Det er håpet, håpet hos dei mange her og rundt omkring i verda som lengtar etter at det skal skje. Som ikkje berre håpar på at det «blir jul i år også», men at det blir noko å leve av, eller noko å leve for denne jula også. Livet kan bli tomt på ulike måtar.

Håpet rettar seg framover, mot det vi ikkje har. Men det får oss også til å spørre: Kva er det vi har – som kan bli til håp for andre no? Alt er ikkje usikkert, det er noko svært verdifullt i det vi allereie har. Og vi kan faktisk ved å fokusere på det, gje det større rom, gje det meir kraft og plass i adventstida i år, og kome nærare det som verkeleg betyr noko for andre og for oss.

Kanskje får vi betre tid denne adventstida i 2020 til å gi andre menneske teikn på omsorg og kjærleik, sjølv om det må vere på avstand? Kanskje har nokon av oss betre råd til å dele med dei som treng meir støtte enn til vanleg? Kanskje kan nokon gjennom det vi gjer sjå nye teikn på at Jesus er alt komen, og skaper noko nytt, her og no?

Preses Olav Fykse Tveit

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"