Landslovsjubileet i Vest opna

Landslova vart laga i Bergen, og i år feirar vi at det er 750 år sidan denne viktige lova for den tidlege statsdanninga i Noreg vart til. Jubileumskomiteen for Vestland presenterte den 29. januar sitt program på historisk grunn i Håkonshallen, der lova til Magnus Lagabøte faktisk vart laga.

Domprost Gudmund Waaler presenterte bispedømet si markering av landslovsjubileet. På biletet elles er f.v. Reidar Digranes, byråd for næring, kultur og idrett i Bergen kommune,  Kjell Kvingedal, miljødirektør Statsforvaltaren, Margareth Hagen, rektor ved UiB,  Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Marianne L. Nielsen, direktør Bymuseet i Bergen  og til høgre Jon Askeland, fylkesordførar.  Foto: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune.

Som einaste stad i Noreg har Bergen fleire kulturminne direkte knytt til Magnus Lagabøte og kongssetet hans. Håkonshallen var kongens representasjonsbygg og Rosenkrantztårnet var bustaden til kong Magnus. I vår noverande domkyrkje, som den gongen var Olavskyrkja til fransiskanarane, fekk Magnus undervisning, og her vart han gravlagd. Nonneseter kloster fekk ei stor pengegåve frå kong Magnus, slik at dei kunne utvide klosterkyrkja si.   

– Det var her det skjedde, og difor går startskotet for jubileet her i Håkonshallen. I 1274 vart Landslova, den mest moderne i Europa, overlevert her, sa fylkesordførar Jon Askeland frå talarstolen i  Håkonshallen måndag føremiddag.  

Demokrati og rettsamfunn

I mellomalderen var det slett ikkje vanleg å ha landsdekkande lover, og Landslova, som kong Magnus Lagabøte kan ta mykje av æra av, var den tredje av totalt fire riksdekkande lovbøker frå høg- og seinmellomalderen. Då ho var ferdig i 1274 bidrog Landslova til å regulere forhold det var mykje usemje om og gje grupper som ikkje stod så sterkt i samfunnet betre rettsvern. Lova var gjeldande rett til ho vart avløyst av Christian V si norske lov i 1687.  

Av tema jubileet i Vestland ønsker å aktualisere, er korleis demokrati og rettssamfunn kan utsetjast for trugslar og krig, men og utviklast gjennom medborgarskap og inkludering.  

– Dette jubileet er eit høve til å stoppa litt opp og tenkja seg om. Kva har skjedd før oss, og kva kjem etter oss? Korleis vil vi at samfunnet skal formast vidare? Det er heilt sentrale tema å belyse i jubileet, sa Askeland. 

Kyrkja markerer med verdiår

Domprost Gudmund Waaler representerte bispedømet då Landslovsjubileet i Vestland vart lansert. Kyrkja følgjer opp utfordringa om ettertanke med sitt "Verdiåret 2024" og han tok utgangspunkt i historia om dei fire guddommelege søstrene, ei forteljing som er sentral med sine verdiar i landslova: Miskunn og sanning, rettferd og fred.

– Det er det alminnelege ved den kristne trua vi snublar over med desse fire guddommelege søstrene. Dygdsetikken kan vere individualistisk for kvar og ein av oss, men desse fire guddommelege søstrene er samfunnsdygder. Og for oss i  Domkirken der Magnus gjekk hos fransiskanarane og er gravlagd, så er det veldig viktig å gjere denne historia aktuell, sa domprosten før han reflekterte litt vidare: 

– Fred, er det aktuelt i våre dagar? Sanning, i ei tid der det i alle fall er myke løgn ute og går og det er vanskeleg å finne sanninga. Rettferd, kva er rettferd og sanning uten miskunn? - Det er grusomt. Tenk at vi fikk barmhjertighet/miskunn inn i lovverket! Det at vi skal dømme med miskunn, og sjå på menneska. Dette byggjer vår kultur på, sa Gudmund Waaler som møtte i staden for biskopen.

Bispedømet vil markera landslovsjubileet med temkveldar i domkirken, ein verdi-seglas langs kystpilegrimsleia gjennom fire bispedøme og i samband med at kristenretten er 1000 år, med ein TV-serie og markeringar i kyrkjene i bispedømet på 1. pinsedag. 

Sjå her for oversyn over markeringane i Verdiåret i Bjørgvin

Forskarkonferansar, stor utstilling og tingsamlingar for unge

Arrangementa i Vestland spenner vidt frå fagleg fordjuping gjennom to internasjonale forskarkonferansar der Moster 2024 og Mellomalderklynga ved UiB er arrangørar for kvar sin. Ei stor utstilling på Bryggens Museum med omfattande formidlingsprogram er tyngste satsing i programmet.   

Det vert tingsamlingar for unge på Moster og på Gulatinget der dei på Moster skal kome fram til fem saker som er viktige for ungdom i framtida og som skal overleverast Stortinget, og på Gulatinget skal dei ha demokrati og menneskerettar på dagsorden.    

Det vart i dag lansert ei felles nettside for jubileet i Vestland der du kan lese meir om alle dei planlagde arrangementa og fordjupe deg i artiklar om Magnus Lagabøte og jubileet. Sjå lenke nedst på sida.

Omfattande arrangement i heile Vestland

I 1274 var sjøvegen og kontakten mellom storbyen Bergen og bygdene langs Vestlandskysten omfattande. Det er difor naturleg at jubileet blir markert i heile Vestland. Ei mengde aktørar har motteke tilskot frå Vestland fylkeskommune og har prosjekt og arrangement i jubileet. For fleire av stadene i fylket vårt er koplinga til landslova tydeleg, som i Sunnfjord med jubileumsprogrammet «Ein gut, ei borg, ei rose, ei lilje»: historia om Audun Hugleiksson frå Ålhus i Jølster som var heilt sentral i arbeidet med landslova. Ved Agatunet i Hardanger blir det utstilling i Lagmannsstova - vårt eldste ivaretekne rettslokale - om korleis Landslova regulerte vanlege folk sitt liv. I tillegg finn ulike kulturarrangement i by og bygd stad gjennom heile 2024, og mange av dei kan du alt no lese om i kalenderen. 

Tekst: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune og Jens Z. Meyer/Bjørgvin bispedøme

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"