Verdiåret 2024 - feirar fortida og formar framtida

I 2024 feirar og markerer vi 1000-årsjubileet for innføringa av Kristenretten på Moster og 750-årsjubileet for Magnus Lagabøte si landslov frå 1274. Dette er hendingar som i høg grad har gjort landet vårt til det det er i dag, og det er difor stor grunn til å feire! Vi kallar året i år for Verdiåret 2024, året der vi markerer at dei kristne verdiane har vore med på å gjere landet vårt til eit godt land å leve i.

Verdiåret 2024 - feirar fortida og formar framtida

Mange enkeltpersonar og miljø planlegg arrangement inspirert av rettsjubilea. Lenger nede på denne sida vil du finne informasjon og ressursar til aktivitet i sokn og lokalsamfunn. Det har òg blitt spela inn ein TV-serie med Thor Haavik om det som skjedde på Moster i 1024. Du kan finne episodane ved å klikke på boksen "TV-serie om kristenretten" under.

Verdiåret 2024 er ein del av ein "jubileumsstafett" frå 2021 til 2031. Eit anna høgdepunkt i denne stafetten er året 2030. Då vil det bli markert at det er tusen år sidan slaget på Stiklestad, og vi feirar at Noreg har vore eit rike i tusen år.  Du kan lese meir om jubileumsstafetten her.

Kristenretten 1024

Under mottoet "Feira fortid - forma framtid" vert det markert at det er 1000 år sidan Olav den Heilage innførte kristenretten på Moster. Hovudmarkeringa skal finne stad på Moster 29. mai - 2. juni 2024. 

Trykk på logoen under for å kome til Moster 2024 si eiga nettside:

Knapp der det står Moster 1000 2024

Magnus Lagabøte si landslov 1274

I 1274 samla Magnus VI for første gang heile landet under ei lov. Magnus fekk tilnamnet Lagabøte, «den som reparerer lovene». 

Sentralt i bakgrunnen for lovgjevinga er "dei fire guddomelege søstrene" som vi finn i Salme 85,11: "Miskunn og sanning skal møte kvarandre. Rettferd og fred skal kysse kvarandre".

Nyttige lenker:

Knapp der det står Landslovjubileet 1274 2024

Guds fire døtre/Dei guddomelege søstrene

Det er stor sjanse for at du får høyre omgrepet "Guds fire døtre" eller "Dei guddomelege søstene" dette året. Desse er sentrale i Magnus Lagabøtes landslov. Desse fire "kvinnene" er fire dygder som ved kvar domsavseiing skulle verte høyrt for at ein dom kan seiast å vere gjeve lys så den er rettferdig: Miskunn, rettferd, sanning og fred. Biletet av dei fire søstrene er henta frå Salme 85 i Bibelen, der det heiter at miskunn og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred skal kyssa kvarandre: 

Miskunn skal passe på så ikkje vondskap eller hat kjem i domen; sanninga må verte høyrt så ikkje løgn skal få avgjere om nokon blir dømt,  rettferda skal sjå til at urett ikkje gjer skade på domen, og fred skal sjå til at ikkje for harde domar blir felte i vreide. 

Du finn ein føredrags-video om Magnus Lagabøte og Guds fire døtre bak ein knapp like under her.

TV-serie om hendinga som forandra Noreg

«Hendelsen som forandret Norge» er tittelen på ein ny, underhaldande og opplysande mini-serie med Farmen-presten, Thor Haavik, som programleiar. I tre episodar følgjer vi han frå vikingtida til vår tid for å sjå på konsekvensane av at landet fekk ei ny rettsordning – «kristenretten» på Moster for 1000 år sidan. Det blir laga undervisningsmateriell for ulike aldersgrupper knytt til denne serien. Les meir ved å trykka på boksen nedanfor. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"