Avslutting eller endring av avtale
For å avslutta ein gjevaravtale, må du veta kva avtale du har inngått. Er det:
- faste overføringar gjennom banken?
- gjennom gjevarsystemet Solidus
- gjennom Vipps
Viss du er usikker på kva avtale du har, så kan du ta kontakt med dagleg leiar på e-post time.soknerad@kirken.no eller telefon 51 77 03 77 og be om å få kontakt med dagleg leiar for Time sokn.
Faste overføringar i banken
Har du lagt inn fast overføring i banken, må du avslutta eller endra det i din nettbank. Dette vil vera forskjellig frå bank til bank. Ofte vil det vera eit punkt i menyen som heiter "faste overføringar" eller "faste betalingar". Der kan du sletta betalinga som er lagt inn til oss. Viss du ikkje finn fram, så må du ta kontakt med banken.
Gjennom gjevarsystemet Solidus
For å gjera endringar eller avslutta avtalar oppretta i Solidus, må du logga deg inn i deira portal.
Logg deg inn på "Min side" HER
Treng du hjelp, kan du ta kontakt med dagleg leiar på e-post time.soknerad@kirken.no eller telefon 51 77 03 77 og be om å få kontakt med dagleg leiar for Time sokn.
Gjennom Vipps donasjonar
Avslutt fast betalingsavtale:
- Opna Vipps-appen på telefonen din og vel «Meg» nedst til høgre.
- Bla nedover til «Betalingsavtaler».
- Trykk på den aktive betalingsavtalen du ønskjer å avslutte.
- Trykk på «Administrer avtalen».
- Vel «Avslutt avtalen».
- Avtalen er no avslutta og vil vere synleg under «Avslutta avtaler».
- Dersom «Avslutt avtalen» ikkje dukkar opp, må du kontakte selskapet for å avbryte den gjentakande betalinga.
Lenkje:
https://help.vippsmobilepay.com/nb-NO/articles/how-do-i-stop-recurring-payments
Avslutt fast bidrag
- Opna Vipps-appen på telefonen din og vel «Meg» nedst til høgre.
- Bla nedover til «Faste bidrag» for faste donasjonar.
- Trykk på det aktive faste bidraget du ønskjer å avslutte, og vel «Avslutt fast bidrag».
- Avtalen er no avslutta og vil vere synleg under «Avslutta faste bidrag»
Endra ein avtale i Vipps
- Opna Vipps-appen på mobilen.Vel «Meg» nede til høgre.Bla ned til «Faste bidrag» eller «Betalingsavtaler», avhengig av kva type avtale du har.
- Donasjonar gjennom «Faste bidrag» ligg under Faste bidrag.
- Donasjonar som er sett opp som betalingsavtaler ligg under Betalingsavtaler.
