Datoar for semesteret
Sjå nedst på sida
Søndagsskulen Lye forsamlingshus
Borna har ein sentral plass i alle DNK-gudstenestene på Lye.
Dei er med i gudstenesta i hovudsalen frå kl.10.30, og går etter kvart til ulike aktivitetar som til dømes:
- brettspel
- hobbyaktivitetar
- kahoot
- selskapsleikar.
Dei gongene det ikkje er søndagsskule, er det gudsteneste for store og små.
INN-kyrkja har søndagsskule dei søndagane Den norske kyrkja ikkje har gudsteneste på Lye.
Søndagsskulen i Time kyrkje
- er ein del av Søndagsskulen i Noreg.
Me har søndagsskule så godt som kvar gong det er dåpsgudsteneste. Ungane er med i gudstenesta med dei vaksne fram til dåpen er ferdig. Etterpå får ungane eige opplegg på kyrkjetorget som ligg i same bygg som kyrkja. Dei ungane som treng det kan ha følgje med ein vaksen eller eldre sysken.
Under finn du datoar for søndagsskule i soknet Time kyrkje og Lye forsamlingshus
Datoar for hausten 2026
| Dato | Stad | Kommentar |
| 18.10.26 | Time | Gudsteneste for store og små. Barna er med i gudstenesta. Utdeling av 4-årsbok |
| 25.10.26 | Lye | |
| 08.11.26 | Lye | |
| 15.11.26 | Time | |
| 22.11.26 | Lye | Gudsteneste for store og små |
| 06.12.26 | Lye | Gudsteneste for store og små |
| 13.12.26 | Time |
