Me sender ut invitasjon til alle som går i 5. klasse, men alle tweens er velkomne. Då vert du invitert til å koma på ein felles Tweens kick-off, i Bryne kyrkje i starten av haustsemesteret.
Dette er ein «happening» der me samlar alle tweens frå Bryne, Time og Undheim. Me vil mellom anna presentere kva for aktivitetar de kan få vera med på i kyrkjene våre. TT-koret blir med og syng og det blir pizzafest.
