Klikk her for å velje dine gruppeønsker
Konfirmantleir
På konfirmantleirane reiser vi til Skjergardsheimen på Tjeldstø. Her blir det leikar, friluftsaktivitetet, undervisning, leirkveld og rangling. Det blir både gøy og seriøst, og alt som ein leir skal by på! Som konfirmant er du med på ein av leirane.
Leir 1: 24.-26. oktober
Leir 2: 6.-8. mars
Pris: 1350,-
KRIK konfACTION vest: Vinterleir
Stor konfirmantleir på Framnes i Norheimsund, i første halvdel av vinterferien, laurdag 21. til tysdag 24. februar. Saman med 400 andre konfirmantar frå heile vestlandet får du vere med på idrettsglede, trusglede og livsglede. På leiren kan du velge mellom mange ulike idrettar og aktivitetar, både med og utan ski på beina.
I forkant av leiren vil gruppa som reiser frå Sotra ha nokre samlingar. Her blir det både aktivteter og informasjon - og ein mulighet til å bli kjent med dei du skal reise med.
konfACTION blir arrangert av KRIK. Konfirmantane reiser med leiarar frå Sotra.
Pris: Medlemsskap i KRIK: 120,-
Reise og opphald: 2600,- (+ ev.skikort)
Foto: KRIK MEDIA // Frede Gravdal, Kevin Nam Lee
Ungdomslørdag
Ungdomsklubb i Foldnes kyrkje, annankvar lørdag frå kl. 19-22.
Her er det mat, sosialt, ulike aktivitetar, andakt, lovsang og utruleg masse gøy!
Landroklubben
Ungdomsklubb i Landro kyrkje annankvar fredag kl. 18.30-21.00.
Her blir det kiosk, sosialt, andakt og aktiviteter som bordtennis, biljard og brettspel.
Lukas Dans og drama
Øving kvar tysdag kl. 18.30-21.00 i 2. etasje i Helsehuset (Sartorvegen 8).
Vi øver til konsertar og får tilbod om å vere med på TenSing-helger (eiga kostnad). Sosiale kvelder med dans, drama og aktivitetar.
Pris: Medlemsavgift: 275,-
Lukas Gaming
Kvar måndag i Foldnes kyrkje kl. 18.30-21.00.
For deg som har lyst til å game og bygge PCar. Fokus på sosiale kveldar, aktivitet og lagspel. Alle får tilbod om å vere med på TenSing-helger (eiga kostnad).
Gaming er eit samarbeid mellom kyrkja og Øygarden KFUK-KFUM.
Pris: Medlemsavgift: 275,-
Lukas TenSing
Lukas TenSing øver i Foldnes kyrkje kvar måndag kl. 18.30-21.00. Her kan du vere med på både kor, dans, band, teknikk og sosialt!
Med i opplegget er to TenSing-helger (eiga kostnad) og konsert til våren. Som TenSing-konfirmant vil du òg få tilbud om å bli med på Vinterfestivalen i februar.
TenSing er eit samarbeid mellom kyrkja og Øygarden KFUK-KFUM.
Pris: Medlemsavgift: 275,-
Tweens-medhjelpar
Bli med som medhjelpar på Tweensklubben i Fjell kyrkje annankvar fredag kl. 19-21.
På desse kveldane hjelper du til med å registrere, vere med på gruppene (gymsal, hobby, bordtennis, leik), selge i kiosen eller ha ein quiz.
Etter at tweens'ene har gått heim, er det klubb for Tweens+ fram til kl. 22.
KRIK Ungdom
Alltidrett, ballspel, sportsleikar og andakt i gymsalen på Ulveset skule. Annankvar tysdag kl. 18.00-19.30.
Gruppa er eit samarbeid mellom kyrkja og KRIK Øygarden.
Pris: Medlemsavgift: 120,-
Gudsteneste-medhjelpar
På denne gruppa er du med som medhjelpar på 4-5 gudstenester i kyrkja di. Her kan du få ulike praktiske oppgåver knytta til gudstenesta eller kyrkjekaffien.
Livets lys-medhjelpar
"Livets lys" er ei samling for psykisk utviklingshemma vaksne i Foldnes kyrkje, ein fredag i månaden kl. 17.30-20.30.
Her er det samling med andakt og sang, kveldsmat og basar. Som medhjelpar er du med på matservering, loddsalg og andre praktiske oppgåver. I tillegg kan du vere med på sang, samtalar eller underhalding.
Lysmesse
Søndag 7. desember kl. 19 blir det lysmesser i Fjell og Foldnes kyrkje. Dette er stemningsfulle og fine gudsteneste. Konfirmantane er med på å lese tekstar, tenne lys og gjere praktisk oppgåver. I forkant av lysmessa blir det ein ettermiddag/kveld med øving.
Mat & prat
På denne gruppe får du komme heim til ein familie i kyrkja. Her blir det mat og god prat, om trua, livet, Bibelen og alt anna mellom himmel og jord. Gruppa har 5-6 samlingar i løpet av året.