Klart vi skulle døype!

«Det skjer et under i verden, hver gang et barn blir til» syng vi i den vakre salmen Gerd Grønvold Saue har skreven. Når eit barn blir boren til dåp i kyrkja, så blir vi på ein særskild måte minna på det underet livet er.

Elisabeth Midttveit saman med sonen Lionel. Tekst og foto: Maria Tveten

Fjoråret (2018) var det året dei nye personvernreglane (GDPR) for alvor gjorde sitt inntog i Den norske kyrkja. Det førar mellom anna til at kyrkja ikkje lenger får melding når nokre av medlemmane i kyrkja får eit nytt barn. Då kan vi heller ikkje sende ut invitasjon til dåp, slik vi har brukt å gjere. Her i Fjell er talet på døypte ganske høgt, og vi håpar sjølvsagt at det fortsatt vil vere naturleg å bere barn til dåp.

Ein festdag

Ein av familiane som fekk barnet sitt døypt i fjor, er Elisabeth Midttveit og Daniel Bergem Zahl, som bur på Blommen. Frå før har dei to jentar, Lykke (6 år) og Liana (3 år), men i mai fekk dei tredjemann, Lionel. Berre tre veker etter fødselen var Elisabeth på sitt tredje dåpskurs. Lionel skulle døypast 9. september i Foldnes kyrkje. Vi spurde Elisabeth kvifor dei valde å døype Lionel.

- Vi synest det er ei fin feiring. Det er ein festdag kor alle i familien vert invitert. Vi markerer og feirar at Lionel er fødd. Vi vel å døype fordi vi vil at barna våre skal høyre til og ha del i den tryggleiken som finst i kyrkja. Vi vèl for barna våre no, og så må dei velje sjølv når dei er i konfirmasjonsalder. Eg trur det er lettare for konfirmantar å ta eit standpunkt om å fortsatt høyre til viss dei allereie er døypte.

Nokre foreldre er ueinige om det er rett å døype. For Elisabeth og Daniel var det ikkje vanskeleg å vite kva dei skulle gjere:

- Klart vi skulle døype! Det er tradisjon, og i både min og Daniel sin familie er alle døypt, så det var ikkje eit vanskeleg val for oss.

Vidare fortel Elisabeth at Lykke og Liana fekk vere med å delta i dåpen. Dei tok av dåpslua og tørka Lionel på hovudet.

Elisabeth fortel vidare at då den eldste jenta deira, Lykke, vart fødd, var det Daniel sin bestefar som døypte henne. Han heiter Inge Bergem og er prest, sjølv om han naturlegvis er pensjonist for fleire år sidan. Den gongen blei det skrive ein artikkel i avisa Vårt Land om oldefaren som døypte fjerde generasjon. Kyrkjebladet er altså ikkje dei første som intervjuar denne familien om dåp!

IMG_0552.jpg image1.jpeg

Bilete frå dåpsdagen (foto: privat)

Mykje arbeid?

Nokon tenkjer at det er mykje arbeid med å skulle døype og lage til dåpsfest etterpå. Vi spør Elisabeth om ho har nokre tips til dei som fryktar stresset?

- Gjer det du klarer! er Elisabeth sitt umiddelbare råd. - Vi gjorde mykje sjølv, men fekk og god hjelp av besteforeldre. Vi feira heime hjå mine foreldre på Straume, vi lagde lasagne og salat sjølv og så bestilte vi pizza. Eg tenkjer at det er vi som vel kor vi legg lista, både på kor mykje ein sånn fest skal koste og kor mykje arbeid det skal vere. Det viktigaste er å få vere saman, ikkje at gjestene får trerettars middag!

Far til Daniel, som kjem frå Oslo, hadde laga eit stev til Lionel. Det er eit av dei mange fine minna Elisabeth har frå dåpsfesten.

T-dagar

Veka etter at vi hadde møtt Elisabeth og Lionel på dåpskurs, traff vi ho og barna att på T6 i Landro kyrkje. Då var det Lykke, som byrja i første klasse i haust, som skulle på T-dag. Elisabeth fortel at det å følgje barna på T-dagar og vere med på andre arrangement, som til dømes juletrefest i kyrkja, er viktig for dei.

- Eg håpar at dei og vil velje å høyre til når dei vert eldre, seier Elisabeth avslutningsvis.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"