Babysong
På samlingane vil de få friska opp songar de hugsar frå dykkar eigen barndom, og lære mange nye. De vil få tips om korleis de kan bruke song og musikk i kvardagen med barna dykkar, og de vil få råd om korleis de kan gje barnet trusopplæring gjennom song og musikk.
Kvifor er babysong viktig?
- Gjennom rytme, song og musikk blir heile mennesket engasjert, uavhengig av alder.
- Ein treff andre foreldre/føresette i same situasjon, og ein får knytte nye kontaktar.
- Song og musikk skapar gode augneblink saman med barnet i kvardagen.
Sund kyrkje
Vi møtast kvar onsdag mellom 13. september og 8. november 2023, frå kl. 10:30 til 11:30 i Sund kyrkje.
Blomvåg barnehage:
I samarbeid med Blomvåg barnehage. Samlingane er annankvar tysdag i barnehagen kl. 10-12. For meir informasjon følg med på facebook.
Fjell kyrkje - pga. renovering er vi no i Åpen barnehage på Fjell:
I samarbeid med KFUK-KFUM Åpen Barnehage. Samlingane er på tysdagar kl. 12.30-14.30, og blir leia av Vibeke Suphellen. Meir info finn du på Facebooksida til KFUK - KFUM åpen barnehage Øygarden
Landro kyrkje:
Denne hausten (2023) er det babytreff i kyrkjekjellaren, i regi av Åpen barnehage, torsdagar kl. 12, med songstund ca. kl. 12.30. Kontaktperson: Maria Granum. Inga påmelding. Meir info finn du på Facebooksida til KFUK - KFUM åpen barnehage Øygarden
Foldnes kyrkje:
Her skjer babysongen i regi av T-dagen, og blir leia av Elisabeth Møll Jung. Samlingane i Foldnes kyrkje er annankvar måndag kl. 10-12, med oppstart måndag 4. september. Påmelding her
Velkomen til babysong!