Konsert med Kongshaug-elevar i Nore Neset kyrkje

Torsdag 4. juni kan du oppleve dyktige, unge musikarar framføre vakker musikk i Nore Neset kyrkje. Kom og få med deg vårsesongens siste konsert i rekkja!

Gode utsikter til ein flott konsert i Nore Neset kyrkje når elevar frå Kongshaug deltek. Kanskje har dei øvd inn kveldens repertoar her i villaen?
Gode utsikter til ein flott konsert i Nore Neset kyrkje når elevar frå Kongshaug deltek. Kanskje har dei øvd inn kveldens repertoar her i villaen?

"Kulturkyrkja" på Nore Neset har husa mange gode konsertopplevingar, og denne vårens siste på programmet er ikkje noko unntak. Nore Neset kyrkje er "nærkyrkja" til Kongshaug Musikkgymnas på Lepsøy, som har fylt dette kyrkjerommet med velklang mang ein gong. Torsdag 4. juni klokka 17.30 kjem nok ein gong elevar med eit variert konsertrepertoar til oss.

Blant dei medverkande er avgangselevane:

Solveig Sørhus (piano)

Sara Troland (fiolin)

Samuel Axelsen Lie (tuba)

 

Nore Neset kyrkje blir denne kvelden ein trygg og inkluderande musikalsk arena der elevane får høve til å prøve ut eksamensrepertoar og andre arbeid foran publikum, i ein annleis ramme enn eksamenssituasjonen. Dette gir verdifull erfaring som kan gje tryggleik i møte med komande eksamenar og konsertar.

Solveig (piano), Sara (fiolin) og Samuel (tuba) går i VG3 og skal snart gjennomføre avsluttande eksamen ved Kongshaug. I tillegg medverker fiolin- og pianoelever frå VG1 og VG2. Publikum får dermed oppleve unge musikarar på ulike nivå, samla i eit variert og levande konsertprogram.

Gratis inngang, men du er velkommen til å gje eit bidrag til det vidare musikkarbeidet i kyrkja.

Denne konserten er eit samarbeidsprosjekt mellom Kongshaug Musikkgymnas og Os sokn ved Musikkutvalget / Musikk i kyrkja.

 

Hjarteleg velkommen til konsert!

Torsdag 4. juni kl. 17.30, Nore Neset kyrkje

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"