JoinUs Kor
I JoinUs kor liker vi å synge saman utan at det skal vera
prestasjon. Vi liker å øve inn gøye sanger, og gjerne framføre
dei saman med bandet. Dei som vil kan prøve seg på solo og
synge i mikrofon.
Gjennom koraktiviteten får du mulighet til å utfolde deg kreativt og delta i prosessarbeid med å velge sanger og framføring. JoinUs KOR er ein stad der alle blir inkludert og får sjansen til å utfordre seg sjølv på ulike aktiviteter ut fra eigne
ambisjoner.
JoinUs Dans
Er du glad i å danse – gjerne hiphop/pop -dans? Då er dette gruppa for deg. Her lærer vi litt om ulike «dansemoves» og øver innkoreografi til kule dansar, slepper oss laus på dansegolvet og rocker scenen. Dans er livet! Bli med du og, vel!?
JoinUs Band
Kan du spele eit instrument, og kan tenke deg å bruke det saman med andre i eit band?
Då har du mulighet til det her.
Vi har desse instrumenta tilgjengelege: piano,
trommer, ukulele, bass og gitar. Men du må gjerne ta med eige instrument.