Kleive og Reiersrud i Os kyrkje

Inngongen til adventstida blir storslått når gigantane Iver Kleive og Knut Reiersrud gjestar Os kyrkje fredag 27. november.

Publisert:

Duoen Kleive & Reiersrud har spelt i lag i fleire tiår. Her frå Olavsfest i Trondheim. (Foto: Esben Krogstad Kamstrup)
Duoen Kleive & Reiersrud har spelt i lag i fleire tiår. Her frå Olavsfest i Trondheim. (Foto: Esben Krogstad Kamstrup)

Bjørnajazz og Os kyrkjelyd har hatt ynskje om å skipe til ein formidabel kyrkjekonsert, og duoen på toppen av ynskjelista var sjølvskriven. Opplev magien når Kleive & Reiersrud fyller kyrkjerommet i Os med mektige og nære tonar, på terskelen til adventstida i år!

Få kan spele orgel som Iver Kleive. Sidan 70-tallet har han vore ein markant skikkelse i norsk musikkliv, både som komponist, solist og dirigent. I 2017 vart han utnevnt til ridder av St. Olavs Orden for sin innsats.

Knut Reiersrud har på same tid utvikla eit heilt uniks uttrykk som gitarist og komponist, med ein imponerende katalog av innspelingar og musikalske samarbeid. Han er kjent for sin evne til å fornye seg og for å la ulike musikalske tradisjonar møtast i spelet sitt.

Saman har desse to gjennom fleire tiår skapt musikk som berørar, blant anna på albuma Blå Koral, Himmelskip og Natt i desember. Når Kleive og Reiersrud møtast på scenen, er det alltid ei unik oppleving av sjeldan karakter. Vi ser fram til å oppleve samspelet mellom to av Noregs aller ypperste musikarar – eit møte som garantert vil gje publikum ei konsertoppleving utanom det vanlege.

 

Os kyrkje

Fredag 27. november kl.18.30

Billettar får du kjøpt her! 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"