Sist dei spelte i Tunet var det vår, og vi skreiv 2024. No bankar hausten på døra, og for mange er Chet Baker sin musikk det perfekte lydsporet til årstida. Musikkutvalet i Os kyrkjelyd har invitert bandet som speler denne musikken på norsk attende for å skape "jazzkafé-stemning" i Storsalen. Frontfigur i bandet og dagleg leiar i kyrkjelyden, Sigurd Rotvik Tunestveit, håpar mange tek turen for å dukke ned i Chet Baker sitt musikalske univers.
- Storsalen og foajeen i Tunet har vist seg å fungere ypperleg til slike settingar, og det bidreg både lokalane og publikum til. Vi lagar til småbord, kaffi og forfriskningar i salen, og musikk frå scena, seier Sigurd.
Dei månadlege konsertane i regi av musikkutvalet i kyrkjelyden spenner breitt, og har vorte betre og betre besøkt. No er dette kulturelt samlingspunkt for mange i bygda, også utanfor "kjernen" i kyrkjelyden. Det er kjekt å registrere, og vi håpar mange ser høvet til å invitere med seg vener og kjente på ein kulturell kveld i kyrkja og Tunet denne torsdagen.
BAKER HANSEN - CHET PÅ NORSK
Baker Hansen har tolka Chet Baker på norsk sidan 2010, med fire album-utgjevingar og fleire hundre konsertar landet rundt. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente for mange. Vokkalist (og dagleg leiar i Os kyrkjelyd) Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal har gjendikta og omarbeidd tekstane til vårt eige mål i vår eiga tid, og syng på dialekt. Med “eigne ord” kjem musikken nærare på lyttaren - og livet og leiken i dette velspelande jazzensemblet lyfter fram kvifor denne musikken har ein særstilling i mange jazz-hjarte.
Det blir kaffi og kafé-stemning i salen, og plater og CD for sal i foajeen.
TEATER: "ORGANISTEN" I OS KYRKJE
Tidlegare samme dag har skuleelevar frå Os barneskule opplevd
det nyskrive teaterstykkjet "Organisten" i Os kyrkje. Vi innleier denne kvelden med ei open framsyning av dette stykkjet klokka 19.00 i kyrkja, før ein tek turen over til jazzkafeen i Tunet. Billett gjeld for inngang til heile programmet. Konserten varar til om lag kl.21.00.
BILLETTAR
Billettar til denne heilaftenen seljast samla, anten i våpenhuset i Os kyrkje før teaterframsyninga eller i foajeen i Tunet. Førehandstinging kan du gjere på e-post til post.os[a]kyrkja.no, med oppgjer via Vipps. Ordinær 250,- / Honnør 200,- / Student 100,-
Vel møtt til både teater og konsert!