Gudsteneste

Gudstenestelivet i Os kyrkjelyd

Gudstenestelivet i Os kyrkjelyd

Gudstenesta er kyrkjelydens hovudsamling, der alle generasjonar møtest til fellesskap rundt Guds ord og Guds bord. Vi samlast for Guds andlet, saman til bøn og tilbeding. Gudsteneste er feiring, fellesskap og framfor alt eit møte med Jesus.

I Os kyrkjelyd feirar vi gudsteneste med ulike uttrykk som og speglar mangfaldet av menneska i kyrkjelyden. Håpet er at alle vil finna eit uttrykk som passar dei, men og at vi deltek i alle dei ulike gudstenesteutrykka våre uansett kva lags uttrykk vi kjenner oss mest heime i.

Som hovudregel er det gudsteneste kvar søn- og heilagdag i Os kyrkje, og annankvar søndag i Nore Neset kyrkje. Vi har og to årlege gudstenester i Lyse Kloster kapell, friluftsgudstenester og gudstenester i samarbeid med Søfteland bedehus i løpet av året.

Os kyrkjelyd har tre typar hovudgudsteneste med start kl. 11 søndag føremiddag:

Høgmesse

Høgmessa er den tradisjonelle gudstenesta med fast liturgi, salmesong og bøner. I høgmessa har vi ofte dåp, og alltid nattverd. Det er høgmesse to søndagar i månaden i Os kyrkje og ein søndag i månaden i Nore Neset kyrkje

Familiegudsteneste:

Familiegudstenesta er særleg lagt opp for born, og er litt kortare enn dei andre gudstenestetypane. Både musikk, bøner og forkynning vil vere særleg retta mot dei yngste i kyrkjelyden, og born er medverkande i gudstenesta. Familiegudstenestene skjer gjerne i kombinasjon med trusopplæringstiltak som utdeling av 4-årsbok eller tårnagenthelg. Det er ofte dåp, og av og til nattverd på familiegudstenestene. Det er familiegudsteneste ein søndag i månaden i kvar av kyrkjene våre.

Bandgudsteneste:

Om lag ein søndag i månaden feirar vi bandgudsteneste i Os kyrkje. Denne gudstenesta er litt friare i forma enn dei andre gudstenestene våre, og har litt annan liturgi. Songen og musikken er ved frivillige band med noko ulik besetning og forsongarar frå gong til gong. Vi brukar både lovsongar av nyare dato og velkjende salmar. Under bandgudstenestene er det eigen samling for borna i Tunet. Det er sjeldan dåp, og alltid nattverd på bandgudstenestene.

Dåpsgudsteneste:

I tillegg til dei tre typane hovudgudsteneste har vi ein søndag i månaden ei kortare dåpsgudsteneste i Os kyrkje kl. 10, som er særskild tilpassa dåp. Dåpsgudstenesta er lagt til søndagar med høgmesse. Dette er ei komplett gudsteneste, men det er ikkje nattverd, og det er eit kortare program for å kunne invitera fleire born til dåp.

Gudstenestene blir annonsert i lokalavisa, på nettsidene våre og facebook. Velkomen til kyrkje

 

 

Gudsteneste oversikt 2023

Gudsteneste i februar

Os kyrkje

Søndag 5. februar kl. 10.00
Gudsteneste v/prostiprest Svante Havåg. 
Dåp. 

Søndag 5. februar kl. 11.15
Gudsteneste v/prostiprest Svante Havåg. 
Nattverd.

Offermål: Det norske Bibelselskap.

Søndag 12. februar kl. 11.00
Gudsteneste v/kapellan Anette-Emilie Gangstø.
Nattverd.
Bandgudsteneste

Offermål: Kirkens SOS Bjørgvin.

Søndag 19. februar kl. 11.00
Familiegudsteneste v/prostiprest Svante Havåg. 
Dåp. Nattverd. 

Offermål: Indremisjonssamskipnaden.

Søndag 26. februar kl. 11.00
Gudsteneste v/sokneprest Roar Hallesby Evjedal. 
Dåp. Nattverd. 

Offermål: Changemaker

 

Nore Neset kyrkje

Søndag 5. februar kl. 11.00
Gudsteneste v/kapellan Anette-Emilie Gangstø.
Nattverd

Offerformål: Det norske Bibelselskap.

Søndag 19. februar kl. 11.00
Gudsteneste v/sokneprest Roar Hallesby Evjedal.
Dåp. Nattverd

Offerformål: Indremisjonssamskipnaden.

 

Tunet kyrkje- og kultursenter

Søndag, 5. februar kl 17:00 

Søndagssamling

For menneske med utviklingshemming og andre. Andakt, allsong, mat, prat og fellesskap.

Gudstenester i mars

Os kyrkje

Søndag 5. mars kl. 10.00
Gudsteneste v/prostiprest Svante Havåg. 
Dåp. 

Søndag 5. mars kl. 11.15
Gudsteneste v/prostiprest Svante Havåg. 
Nattverd.

Offermål: Kirkens SOS Bjørgvin.

Søndag 12. mars kl. 11.00
Familiegudsteneste v/kapellan Anette-Emilie Gangstø.
Dåp. 
Offermål: Tunet

Søndag 19. mars kl. 11.00
Gudsteneste v/prostiprest Svante Havåg. 
Nattverd. 
Bandgudsteneste.

Offermål: Det teologiske Menighetsfakultetet (MF).

Søndag 26. mars kl. 11.00
Gudsteneste i fbm Fasteaksjonen 
v/kapellan Anette-Emilie Gangstø.  
Nattverd. 

Offermål: Kirkens Nødhjelp Fasteaksjonen

 

Nore Neset kyrkje

Søndag 5. mars kl. 11.00
Gudsteneste v/kapellan Anette-Emilie Gangstø.
Dåp, Nattverd.

Offerformål: Kirkens SOS Bjørgvin.

Søndag 26. mars kl. 11.00
Gudsteneste v/sokneprest Roar Hallesby Evjedal.
Dåp. Nattverd

Offerformål: Kirkens Nødhjelp Fasteaksjonen.

 

Tunet kyrkje- og kultursenter

Søndag, 26. mars kl 17:00 

Søndagssamling

For menneske med utviklingshemming og andre. Andakt, allsong, mat, prat og fellesskap.

Gudstenster i april

Os kyrkje

Søndag 2. april Palmesøndag kl. 11.00
Familiegudsteneste v/kapellan Anette-Emilie Gangstø. 
Dåp.
Offermål: Tunet

Fredag 7. april Langfredag kl. 12.00
Pasjonsgudsteneste v/sokneprest Roar Hallesby Evjedal.
Offermål: Misjonsprosjektet

Søndag 9. april Påskedag kl. 11.00
Høgtidsgudsteneste v/sokneprest Roar Hallesby Evjedal. 
Dåp. Nattverd. 
Offermål: Eigen kyrkjelyd

Søndag 9. april kl. 17.00
Gudsteneste v/sokneprest Roar Hallesby Evjedal. 
Samarbeid med Søndagssamlinga. Nattverd. 

Søndag 16. april kl. 11.00
Familiegudsteneste v/prostiprest Svante Havåg.  
Dåp. Nattverd. 
Offermål: ACTA Barn og unge i Normisjon

Torsdag 23. april kl. 19.00
Gudsteneste v/sokneprest Roar Hallesby Evjedal.
Bandgudsteneste. Nattverd. 
Offerformål: Eigen kyrkjelyd

Søndag 30. april kl. 10.00
Gudsteneste v/prostiprest Svante Havåg.  
Dåp. 

Søndag 30. april kl. 11.15
Gudsteneste v/prostiprest Svante Havåg.
Offermål: Tunet

 

Nore Neset kyrkje

Torsdag 6. april Skjærtorsdag kl. 19.00
Gudsteneste v/sokneprest Roar Hallesby Evjedal.
Nattverd.

Offerformål: CRUX Vindfanget

Søndag 16. april kl. 11.00
Gudsteneste v/kapellan Anette-Emilie Gangstø.
Dåp. Nattverd

Offerformål: ACTA  Barn og unge i Normisjon

Søndag 30. april kl. 11.00
Familiegudsteneste v/kapellan Anette-Emilie Gangstø.
Dåp. 

Offerformål: Tunet

 

Søndagsamling - Påskegudsteneste i Os kyrkje

1. påskedag, 9.april  kl 17:00 

Søndagssamling

For menneske med utviklingshemming og andre. Andakt, allsong, mat, prat og fellesskap.

Luranetunet

Torsdag 6. april skjærtorsdag

Gudsteneste v/ sokneprest Roar Hallesby Evjedal. Nattverd

 

Smievågen

Måndag 10. april 2. påskedag kl. 12:00
Friluftsgudsteneste v/ sokneprest Roar Hallesby Evjedal
Offermål: Eigen kyrkjelyd

Browseren din har feilaktig blitt gjenskjent som en bot utifra User-agent verdien = Mozilla/5.0 AppleWebKit/537.36 (KHTML, like Gecko; compatible; ClaudeBot/1.0; +claudebot@anthropic.com) . Vi hadde satt stor pris på om du kunne sende denne feilmeldingen til: skjeri@kirken.no slik at vi får fikset dette for deg og alle andre med samme browser

Kontakt